Dire Straits

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dire Straits
Dire straits 22101985 23 800.jpg
Dire Straits i Noreg i oktober 1985.

Foto: Helge Øverås

Opphav Flag of England.svg England
Sjanger Rock
Aktive år 1977–1995
Plateselskap Phonogram
Vertigo
Warner Bros. (U.S.A.)
Siste medlemmer
Mark Knopfler
John Illsley
Alan Clark
Guy Fletcher
Tidlegare medlemmer
David Knopfler
Pick Withers
Hal Lindes
Terry Williams
Jack Sonni

Dire Straits var eit britisk rockeband som vart danna i 1977 av Mark Knopfler, David Knopfler, John Illsley og Pick Withers. Til trass for at gruppa vart danna i ein periode då punkrocken regjerte, arbeidde dei stort sett innanfor klassisk rock. Fordi dei var leie av overprodusert stadionrock frå 1970-talet, føretrekte Dire Straits eit meir nedtona lydbilete, som også appellerte betre til moderne publikumet. I bandet sine tidlegaste dagar spurte Mark Knopfler pubinnehavarar om dei kunne senka volumet på forsterkarane, slik at gjestane kunne konversera medan bandet spelte. Trass i denne merkelege og audmjuke innfallsvinkelen til rock and roll, kom Dire Straits til å bli ei veldig suksessfull gruppe.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dire Straits spelte inn og gav ut sitt første album med same namn i 1978, utan nemneverdig suksess. Fem månader seinare gav dei ut ein singel med låten «Sultans of Swing», som vart ein populær listeklatrar og dermed gjorde at salet av albumet tok av. Deira andre album Communiqué (1979) følgde etter, og begge albuma har det særprega rolege lydbiletet. På gruppa sitt tredje album Making Movies (1980) deltok keyboardspelaren Roy Bittan, kjend frå Bruce Springsteen sitt band. Dette albumet markerte ei forflytting mot komplekse arrangement og produksjonar, musikalske kjennemerke som skulle halda fram gjennom heile Dire Straits sin karriere.

Utgjevinga av albumet Brothers in Arms (1985) vart ein internasjonal suksess. På albumet var det fleire hitsinglar, mellom anna «Money for Nothing», som vart Dire Straits sin første musikkvideo som vart spelt på MTV i Storbritannia. Låten var skriven av Knopfler/Sting, og hadde ein introduksjon av sistnemnde.

Mykje av grunnen til den kommersielle suksessen Brothers in Arms hadde, er at dette var ein av dei første digitale innspelingane i verda. I tillegg var dette albumet produsert for det då nye formatet CD, noko som gjorde albumet til eit ikon blant den nye teknologien i det avgrensa landskapet som formatet utgjorde. Vidare bidrog det nye formatet til at Knopfler sine nøyaktige produksjonsverdiar på tidlegare album, fekk fansen til å kjøpa heile katalogen. Delvis som eit resultat av dette, og ein suksessfull framføring på Live Aid, vart Dire Straits ein av verdas største salsuksessar i midten av 1980-åra. Populariteten til bandet strekte seg lenger enn Storbritannia og USA — i mange andre delar av verda som inkluderer India, Søraust-Asia og Afrika, er Dire Straits ei av dei mest kjende av vestlege musikkgruppene.

Etter suksessperioden følgde ein lang periode med inaktivitet, og i løpet av dei neste seks åra var dei einaste utgjevingane nokre samlealbum og livealbum. Dire Straits sitt siste studioalbum, On Every Street (1991), vart gjeve ut til blanda mottaking og moderat salssuksess. I ettertid avslo countrymusikaren og songaren Vince Gill, (som song bakgrunnsvokal på albumet), tilbodet om å bli fullt medlem av gruppa. Mark Knopfler kom seinare til å konsentrera seg om soloprosjekt og filmmusikk.

Sidan alle dei ni medlemmene heldt på med separate prosjekt, valte Dire Straits å løysa seg opp i 1995, etter utgjevinga av albumet Live at the BBC. Medlemmene i bandet har endra seg sidan oppstarten, med berre Mark Knopfler og John Illsley som faste medlemmer. Knopfler var heile tida den primære krafta bak bandet, og skreiv storparten av songane.

Medlemmer[endre | endre wikiteksten]

  • Mark Knopfler – vokal, gitar (1977–1995)
  • John Illsley – bass, backingvokal (1977–1995)
  • Alan Clark – keyboard (1980–1995)
  • Guy Fletcher – keyboard og backingvokal (1984–1995)
  • Chris White - Saxofon og backingvokal (1984-1995)

Tidlegare medlemmer[endre | endre wikiteksten]

  • David Knopfler – gitar, keyboards og vokal (1977–1980)
  • Pick Withers – trommer (1977–1982)
  • Hal Lindes – gitar, backingvokal (1981–1983)
  • Terry Williams – trommer (1982–1988)
  • Jack Sonni – gitar, vokal (1984–1988)
  • Chris Whitten - trommer (1990-1992)
  • Paul Franklin - pedal steelgitar (1990-1992)
  • Phil Palmer - gitar, backingvokal (1990-1992)
  • Danny Cummings - prekusjon, backingvokal (1990-1992)

Albummusikarar[endre | endre wikiteksten]

  • Roy Bittan – keyboard på albumet Making Movies (1980)
  • Michael Mainieri – vibrafon, marimba på LPen Love over Gold (1982) og backingvokal på LPen Brothers in Arms (1985)
  • Mel Collins – saksofon, deltok på konserten som førte til Alchemy Dire Straits Live-albumet. (1984)
  • Joop de Korte – perkusjonist på Alchemy Dire Straits Live (1984)
  • Tommy Mandel – keyboardist på Alchemy Dire Straits Live (1984)
  • Malcolm Duncan – tenorsaksofon på LPen Brothers in Arms (1985)
  • Dave Plews – horn på LPen Brothers in Arms (1985)
  • Michael Brecker – saksofon på LPen Brothers in Arms (1985)
  • Randy Brecker – horn på LPen Brothers in Arms (1985)
  • Jimmy Maelen – perkusjon på LPen Brothers in Arms (1985)
  • Neil Jason og Tony Levin bass på LPen Brothers in Arms (1985)
  • Sting – vokal på songen «Money for Nothing» på LPen Brothers in Arms (1985)
  • Jeff Porcaro – trommer på albumet On Every Street (1991)
  • Vince Gill – gitar, backingvokal på albumet On Every Street (1991)
  • Manu Katché – perkusjon og trommer på albumet On Every Street (1991)

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Livealbum[endre | endre wikiteksten]

  • 1984 - Alchemy: Dire Straits Live
  • 1985 - Walk on Stage
  • 1986 - The Final Oz
  • 1993 - On The Night
  • 1995 - Live at the BBC

Live DVD-ar[endre | endre wikiteksten]

  • 1983 - Alchemy
  • 1993 - On the Night
  • 2004 - Sultans of Swing: The Very Best of Dire Straits

Samlealbum[endre | endre wikiteksten]

  • 1988 - Money for Nothing
  • 1998 - Sultans of Swing: The Very Best of Dire Straits
  • 2005 - The Best of Dire Straits & Mark Knopfler: Private Investigations
 

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 1979 - «Sultans of Swing»
  • 1979 - «Lady Writer»
  • 1981 - «Romeo and Juliet»
  • 1981 - «Skateaway»
  • 1982 - «Private Investigations»
  • 1983 - «Twisting by the Pool»
  • 1985 - «So Far Away»
  • 1985 - «Money for Nothing»
  • 1985 - «Brothers in Arms»
  • 1986 - «Walk of Life»
  • 1986 - «Your Latest Trick»
  • 1991 - «Calling Elvis»
  • 1993 - «Encores EP»

Konsertar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

  • Ekeberghallen - 21. november 1979
  • Drammenshallen - 28. mai 1981
  • Drammenshallen - 22. oktober 1985
  • Drammenshallen - 23. oktober 1985
  • Valle Hovin - 30. juli 1992
  • Spektrum i Oslo - 20. april 2008
  • Vestlandshallen i Bergen - 21.april 2008
  • Vestlandshallen i Bergen - 14. juni 2010

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]