Olympia av Bryan Ferry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Olympia
Studioalbum av Bryan Ferry
Utgjeve 25. oktober 2010
Sjanger Kunstrock, poprock
Selskap Virgin, Astralwerks (US)[1]
Produsent Bryan Ferry, Rhett Davies
Kritikk
Bryan Ferry-kronologi
Dylanesque
(2007)
Olympia

Olympia er eit album av den britiske songaren Bryan Ferry, gjeven ut av Virgin Records den 25. oktober 2010. Det vart produsert av Ferry og Rhett Davies og er det første Ferry-albumet med hovudsakleg originale songar sidan Frantic i 2002. Mange har medverka til albumet, som låtskrivaren David A. Stewart frå Eurythmics, Brian Eno, Phil Manzanera og Andy Mackay frå Roxy Music, den elektroniske gruppa Groove Armada, David Gilmour, Marcus Miller, Scissor Sisters, Nile Rodgers, Jonny Greenwood frå Radiohead, Steve Nieve og Flea.

Albumet inneheld nokre songar som Ferry tidlegare har spelt inn med andre artistar. «You Can Dance» kom ut i ein versjon som «U Can Dance» på albumet Teufelswerk frå 2009 av DJ Hell. Ein versjon av «Shameless» kom ut på albumet til Groove Armada, Black Light tidlegare i 2010.

Albumet inneheld òg coverversjonar av Tim Buckley sin «Song To The Siren» og Traffic sin «No Face, No Name, No Number».

På plateomslaget er det bilete av motemodellen Kate Moss og er ein referanse til Édouard Manet-måleriet frå 1863 med same namn.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Ferry/Stewart bortsett frå der andre er nemnde.. 

# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «You Can Dance»     4:29
2. «Alphaville»     4:25
3. «Heartache By Numbers»   Ferry/Scissor Sisters 4:56
4. «Me Oh My»   Ferry 4:40
5. «Shameless»   Ferry/Cato/Findlay 4:36
6. «Song to the Siren»   Buckley/Beckett 5:56
7. «No Face, No Name, No Number»   Capaldi/Winwood 4:40
8. «BF Bass (Ode to Olympia)»   Ferry/Manzanera 4:09
9. «Reason or Rhyme»   Ferry 6:52
10. «Tender Is the Night»     4:35
Ekstraspor på utvida utgåve
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
11. «Whatever Gets You thru the Night»   Lennon 3:19
12. «One Night»   Bartholomew/King/Steiman 4:00

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.discogs.com/Bryan-Ferry-Olympia/release/2513270