Slettsnok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slettsnok


Status i Noreg: NT Nær truga

Slettsnok
Slettsnok

Systematikk
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Reptilia
Orden: Squamata
Familie: Colubridae
Slekt: Coronella
Art: C. austriaca
Vitskapleg namn
Coronella austriaca

Slettsnok (Coronella austriaca) er ein slange i snokfamilien. Han er ein av dei tre slangeartane som lever fritt i Noreg, og trivst best i turre, varme område langs kysten frå Østfold til Jæren. Han finst elles i sørover til Sør-Europa og austover til Kaukasus. Slettsnoken kan bita, men er ikkje giftig.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Slettsnoken blir inntil ca 80 cm lang og 200 gram tung, og hoene vert noko lengre og mørkare enn hannane. Den lengste slettsnoken som er målt i Noreg var 89 cm. Fargen er brun eller grå, med ein stor mørk flekk på hovudet. Han er lett å kjenna på runde pupillar, mørk stripe gjennom auga og dei to rekkjene med mørke flekkar langs ryggen. Dette skil han frå den større buormen med gule eller kvite nakkeflekkar, og hoggormen med det typiske sikksakk-mønsteret. Dessutan er skjela glatte i motsetnad til skjela til hoggorm og buorm. Snoken er varmekjær og vert rekna som ein sårbar art i norsk natur.

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Slettsnoken er ein god klatrar, men trivst best nede på bakken der han kan gøyma seg mellom buskar og gras. Slangar er vekselvarme dyr, så dei må varma seg opp av sola. Er det kaldt i vêret, vert rørslene til snoken tregare. Slettsnoken lever av firfisler, stålorm, fugleungar, smågnagarar, fisk og insekt. Han er ein kvelarslange som slyngjer seg raskt og kraftfullt rundt bytet sitt. Tek du ein slettsnok i halen, klarar han ofte å sno seg opp og bita deg i handa.

Slettsnoken blir kjønnsmogen når han er 3-5 år gamal. I september - oktober legg han seg i vinterdvale som varer til april - mai. I mai skjer paringa, og snoken føder 2-14 ungar i august/september.

Slettsnoken er oppført på raudlista over trua artar. Alle frittlevande slangar i Noreg er freda etter viltlova.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]