Sophie Gengembre Anderson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kjærleik i skodde
Kvinner som lyttar til fuglesong

Sophie Gengembre Anderson (182310. mars 1903) var ein målarane som vert rekna til prerafaelittane. Ho var fødd i Paris i Frankrike med engelsk mor og fransk far, arkitekten Charles Gengembre. I unge år studerte ho portrettmåleri hos Charles von Steuben i Paris.

februarrevolusjonen braut ut i 1848 flytta ho med familien sin til Cincinnati i USA. Der gifta ho seg med den britiske kunstnaren Walter Anderson, ein annan prerafaelitt. Dei to drog tilbake til England i 1854. Året etter stilde målarinna ut sitt første bilete i Royal Academy of Arts.

Anderson var ein dyktig målar som særleg kunne få fram lyseffektar og faldar i klede. Ho måla både portrett og landskap, men valde særleg born som modellar. Ho måla til dømes fleire italienske bondeborn som ho møtte på Capri.

Sophie Gengembre Anderson døydde i Falmouth i England.