Spoonful

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Spoonful
Singel av Howlin' Wolf
B-side «Howlin' for My Darling»
Utgjeve 1960
Innspelt Chess Studios, Chicago
Mal:Start date
Sjanger Blues
Lengd 2:45
Selskap Chess (Cat nr. 1762)
Låtskrivar(ar) Willie Dixon
Produsent Leonard Chess, Phil Chess, Willie Dixon
Howlin' Wolf-kronologi
«I've Been Abused»
(1959)
Spoonful «Wang Dang Doodle»
(1960)

«Spoonful» er ein bluesstandard skriven av Willie Dixon og først spelt inn i 1960 av Howlin' Wolf.[1] Han er laust basert til «A Spoonful Blues», ein song spelt inn i 1929 av Charley Patton (Paramount 12869),[2] som sjølv er knytt til «All I Want Is A Spoonful», ei innspeling frå 1925 av Papa Charlie Jackson og Luke Jordan sin «Cocaine Blues» (1927). «Spoonful» har vorte tolka og spelt inn av forskjellige artistar. Wolf sin «Spoonful» har vorte anerkjendt av Rock and Roll Hall of Fame, Rolling Stone og Blues Foundation Hall of Fame.

Howlin' Wolf[endre | endre wikiteksten]

«Spoonful» har ein akkord, modal bluesstruktur som ein finn i andre songar av Willie Dixon skriven for Howlin' Wolf, som «Wang Dang Doodle» og «Back Door Man», samt Wolf sin eigen «Smokestack Lightning». Med seg har Wolf (vokal) Hubert Sumlin (gitar), Freddie Robinson (andre gitar) og Chess-veteranane Otis Spann (piano), Fred Below (trommer) og Dixon (kontrabass). Det er foreslått at Freddie King spelar andregitar på «Spoonful», men Sumlin og Robinson insisterer på at det var Robinson.[3]

I 1962 vart songen gjeven ut på det andre albumet til Wolf for Chess kalla Howlin' Wolf (Chess LP-1469). Som med det første albumet hans i 1958, var det andre albumet ei samling av singlar frå karrieren hans opp til då. Rock and Roll Hall of Fame tok med Wolf sin «Spoonful» på lista si over «500 songar som forma Rock and Roll».[4] Songen er òg rangert på 219. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.[5] I 2010 vart songen innlemma i Blues Foundation Hall of Fame «Classics of Blues Recordings».[6]

I 1968 spelte Wolf motvillig inn «Spoonful» på ny i lag med fleire av bluesklassikarane hans i Marshall Chess sitt forsøk på å oppdatere stilen til Wolf for det bløamde rockemarknaden. I motsetnad til The London Howlin' Wolf Sessions frå 1971 der han vart akkompagnert av fleire rockestjerner, som Eric Clapton, Steve Winwood, Bill Wyman, Charlie Watts og fleire, var han her akkompagnert av relativt ukjende studiomusikarar. Albumet The Howlin' Wolf Album med dei «komisk bombastiske» arrangementa og instrumenteringa, vart musikalsk og kommersielt mislukka.[7] Wolf støtta dette i eit intervju med Rolling Stone «Man ... that stuff's dogshit».[7]

Cream[endre | endre wikiteksten]

Spoonful
Song av Cream
frå albumet Fresh Cream
Utgjeve 1966
Sjanger Bluesrock, acid rock
Lengd 6:34
Selskap Polydor (Cat. nr. 583 031/2) (UK)
Atco (Cat. nr. SD-2-700) (US)
Låtskrivar(ar) Willie Dixon
Produsent Felix Pappalardi

Det britiske bluesrock-bandet Cream spelte inn «Spoonful» for debutalbumet deira Fresh Cream i 1966. For den amerikanske utgåva av Fresh Cream vart «I Feel Free» byta ut med «Spoonful». Songen vart seinare gjeven ut i USA i 1967 som ein dobbelsidig singel, men redigert som part 1, som tonar ut når det instrumentale partiet startar, og part 2 som byrjar like før tredje vers. Cream spelte ofte songen på konsertar og songen utvikla seg forbi bluesrock-forma frå 1966 innspelinga til ein lang improvisert solo, påverka av musikkmijøet i San Francisco på denne tida. Ei slik utgåve frå Winterland finst på albumet deira Wheels of Fire frå 1968, nesten 17 minuttar lang.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

«Spoonful» er òg spela av andre artistar, som The Blues Project, Etta James, the Paul Butterfield Blues Band, Canned Heat, Dion DiMucci, the Allman Joys, Shadows of Knight, Ten Years After, The Grateful Dead, Gov't Mule, Widespread Panic, The Who, Delbert McClinton, Johnny Diesel, Joel Fafard, Chris Whitley, My Midnight Creeps, Salty Dog, Blues Creation, og låtskrivar Willie Dixon (I Am The Blues).


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Herzhaft 1992, s. 471.
  2. Segrest 2004, s. 173.
  3. Segrest 2004, s. 369.
  4. «500 Songs that Shaped Rock and Roll». Rock and Roll Hall of Fame. 1995. http://web.archive.org/web/20070911013642/www.rockhall.com/exhibithighlights/500-songs-by-name-qs/. Henta 12. mars 2011. 
  5. «500 Greatest Songs of All Time». Rolling Stone. 2004. http://web.archive.org/web/20080625061023/www.rollingstone.com/news/coverstory/500songs/page/3. Henta 11. mars 2011. 
  6. «Blues Hall of Fame - 2010 Inductees». The Blues Foundation. 2010. http://www.blues.org/#ref=halloffame_inductees. Henta 12. mars 2011. 
  7. 7,0 7,1 Segrest 2004, s. 249-250.


222:
 «Walk Away Renee» 
The Left Banke
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene
221


Howlin' Wolf – «Spoonful»

220:
 «Boom Boom» 
John Lee Hooker