Wheels of Fire
| Wheels of Fire Album av Cream |
||
| Utgjeve | August 1968[1] | |
| Innspelt | Juli og august 1967 i IBC Studios i London i England September til oktober 1967, januar til februar, juni 1968 i Atlantic Studios i New York City i New York 6. og 10. mars 1968 i Winterland i San Francisco 7. mars 1968 i The Fillmore i San Francisco[1] |
|
| Sjanger | Blues-rock, psykedelisk rock, hardrock | |
| Lengd | 80:32 | |
| Selskap | Polydor | |
| Produsent | Felix Pappalardi[1] | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| Cream-kronologi | ||
| Disraeli Gears (November 1967) |
Wheels of Fire | Goodbye (Mars 1969) |
Wheels of Fire er namnet på eit dobbeltalbum innspelt av Cream. Utgjevinga vart ein stor suksess og nådde 3. plass i Storbritannia og gjekk heilt til topps i USA, og vart det første dobbeltalbumet i verda som selde til platinaplate.[2]
Albumet vart òg gjeven ut som Wheels of Fire (In the Studio) og Wheels of Fire (Live at the Fillmore) som to single album, gjevne ut i lag, med liknande plateomslag. I 2003 vart albumet rangert på 203. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.[3]
Innhaldsliste |
Bakgrunn [endre]
Etter at Disraeli Gears kom ut i november 1967, planla Polydor Records og Atco Records, at det tredjealbumet til Cream skulle verte eit dobbeltalbum, der Atco Records-produsenten Felix Pappalardi og gruppa ønskte å ha med fleire konsertopptak.[4]
Innspeling [endre]
Bandet og Pappalardi hadde i juli og august 1967, spelt inn songar i studio i IBC Studios i London, og i Atlantic Studios i New York City i september og oktober same året.[1] Fleire songar vart spelte inn i studio i Atlantic Studios i januar og februar 1968, under ein pause i turneen deira.[4][1] Månaden etter,[1] tinga Pappalardi eit mobilt platestudio i Los Angeles til the Fillmore og Winterland Ballroom i San Francisco.[4] Ein tok opp seks konsertar i San Francisco, og songar som ikkje kom med på Wheels of Fire kom seinare ut på Goodbye, Live Cream og Live Cream Volume II.[4]
Innspelingane av Wheels of Fire var ein av dei første gongane ein nytta åttespors bandopptakarar på ei tid då firesporsopptakarar var standard.[4] Lydteknikarar på plate ein var Tom Dowd og Adrian Barber, medan konsertopptaka vart fanga til band av Bill Halverson.
Songar [endre]
Trommeslagaren Ginger Baker var med på å skrive tre av songane for albumet med pianist Mike Taylor. Bassist Jack Bruce skreiv fire songar med diktaren Pete Brown. Gitarist Eric Clapton medverka til albumet med å velje ut coversongane.
Innhald [endre]
Disk 1: In the Studio [endre]
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd | ||||||
| 1. | «White Room» | Jack Bruce, Pete Brown | 4:58 | ||||||
| 2. | «Sitting on Top of the World» | Walter Vinson, Lonnie Chatmon; arr. Chester Burnett | 4:58 | ||||||
| 3. | «Passing the Time» | Ginger Baker, Mike Taylor | 4:37 | ||||||
| 4. | «As You Said» | Bruce, Brown | 4:20 | ||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd | ||||||
| 5. | «Pressed Rat and Warthog» | Baker, Taylor | 3:13 | ||||||
| 6. | «Politician» | Bruce, Brown | 4:12 | ||||||
| 7. | «Those Were the Days» | Baker, Taylor | 2:53 | ||||||
| 8. | «Born Under a Bad Sign» | Booker T. Jones, William Bell | 3:09 | ||||||
| 9. | «Deserted Cities of the Heart» | Bruce, Brown | 3:38 | ||||||
Disk to: Live at the Fillmore [endre]
| Side tre | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd | ||||||
| 1. | «Crossroads» (10. mars 1968 i Winterland i San Francisco) | Robert Johnson, arr. Clapton | 4:13 | ||||||
| 2. | «Spoonful» (10. mars 1968 i Winterland i San Francisco) | Willie Dixon | 16:43 | ||||||
| Side fire | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd | ||||||
| 3. | «Traintime» (8. mars 1968 i Winterland i San Francisco) | Bruce | 7:01 | ||||||
| 4. | «Toad» (7. mars 1968 i The Fillmore i San Francisco) | Baker | 16:15 | ||||||
Medverkande [endre]
- Jack Bruce – vokal, solovokal, bass, cello, munnspel, calliope, akustisk gitar, blokkfløyte
- Eric Clapton – gitar, vokal
- Ginger Baker – Trommer, perkusjon, bjøller, klokkespel, pauke, vokal på «As You Said», stemme på «Pressed Rat and Warthog»
- Felix Pappalardi – bratsj, bjøller, orgel, trompet, tonette
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Wheels of Fire» frå Wikipedia på engelsk, den 12. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 (1997) Plateomslagstekst for Wheels of Fire avCream [CD liner]. Storbritannia: Polydor Records (531 812-2).
- ↑ «Cream - the Band». BBC. 20 September 2000. http://www.bbc.co.uk/dna/h2g2/A425774.
- ↑ Wheels of Fire, Rolling Stone.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 Schumacher, Michael (1995). «Chapter 4: Power Trio (1966-68)». Crossroads: The Life and Music of Eric Clapton (1st ed.). New York City, New York: Hyperion. ss. 96–100, 102. ISBN 078686074X.