Back Door Man

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Back Door Man
Singel av Howlin' Wolf
frå albumet Howlin' Wolf
B-side «Wang Dang Doodle»
Utgjeve 1961
Innspelt 1960 i Chess Studios Chicago
Sjanger Chicago-blues
Lengd 2:45
Selskap Chess 1777
Låtskrivar(ar) Willie Dixon
Produsent Ralph Bass[1]
Back Door Man
Song av The Doors
Utgjeve 4. januar 1967
Innspelt August 1966
Sjanger Psykedelisk rock, bluesrock
Lengd 3:32
Selskap Elektra
Låtskrivar(ar) Willie Dixon
Produsent Paul A. Rothchild

«Back Door Man» er ein bluessong skriven av Willie Dixon for Howlin' Wolf, gjeven ut av Chess Records som B-side til Wolf sin «Wang Dang Doodle» i 1961. Songen vert rekna som ein klassikar innan Chicagoblues.

Teksten[endre | endre wikiteksten]

I Sørstatane er ein «back-door man» ein som har eit sidesprang med ei gift kvinne, og nyttar bakdøra til å forlate huset før mannen kjem heim.[2] «When everybody trying to sleep, I'm somewhere making my midnight creep. / Every morning the rooster crow, something tell me I got to go / I am a back door man», syng Wolf. Dette er eit tema som går igjen i mange bluessongar. Robert Plant referer til Dixon-songen i Led Zeppelin sin «Whole Lotta Love» (1969): «Shake for me girl, I want to be your back-door man.»[3]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Singelen vart spelt inn i Chicago i 1960 av Howlin' Wolf (vokal), Otis Spann (piano), Hubert Sumlin og ein anonym mann (gitar), Willie Dixon (bass) og Fred Below (trommer). Akkordprogressjonen i refrenget på songen liknar det ein finn på Bo Diddley sin «I'm A Man» (1955), John Lee Hooker sin «I'm Mad (Again)» (1957) og Dixon sin eigen «Hoochie Coochie Man» (1954). Dei daterer alle til arbeidssongar sungen under bygginga av jernbanespor.[4]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart mellom anna spelt av The Doors, som spelte han inn for debutalbumet i 1967. Andre som har spelt songen er Chicken Shack, Blues Project, Shadows of Knight, Bob Weir, Harp Slim & Hosea Leavy, Sam Gopal, T-Model Ford, Quicksilver Messenger Service og Soul Asylum med Iggy Pop under opninga av Rock and Roll Hall of Fame.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.discogs.com/Howlin-Wolf-Howlin-Wolf/release/1335590
  2. Segrest, James; & Hoffman, Mark (2005). Moanin' at Midnight: The Life and Times of Howlin' Wolf. Thunder's Mouth Press. s. 174. ISBN 1-56025-683-4
  3. "Whole Lotta Love". Rolling Stone. December 9, 2004. Henta 17. mars 2011.
  4. Scott, Richard J. (2003).Chord Progressions for Songwriters. iUniverse. s. 110. ISBN 0-595-26384-4

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]