Steve Winwood

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Steve Winwood
Steve-Winwood2.jpg
Winwood spelar på Cropredy Festival
13. august 2009 Foto: Brian Marks
Verkeleg namn Stephen Lawrence Winwood
Fødd 12. mai 1948 (66 år)
Handsworth i Birmingham i England
Instrument Vokal, tangentinstrument, bassgitar, gitar, trommer, mandolin, elektrisk orgel, synthesizerar, fiolinar
Sjanger Rock, progressiv rock, blue-eyed soul, bluesrock, psykedelisk rock
Aktive år 1963 til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar
Tilknytte artistar Spencer Davis Group, Traffic, Blind Faith, Eric Clapton
Plateselskap Island Records, Virgin Records, Columbia Records
Nettstad www.stevewinwood.com
Kjende instrument
Hammond B-3

Stephen Lawrence «Steve» Winwood (fødd 12. mai 1948) er ein engelsk musikar og låtskrivar.

Winwood byrja tidleg å interessere seg for musikk, i første omgangen jazz og dixieland. Han byrja difor tidleg å spele ulike instrument, som trommer, gitar og piano og allereie då han var åtte år spelte han i eit familieband.

I byrjinga på 1960-talet byrja han i broren Muff Winwood sitt band, The Muff Woody Jazz Band. I 1963 slutta gitaristen Spencer Davis seg til bandet, og dei endra namn til The Spencer Davis Group. Spencer Davis Group spelte såkalla «blåaugd soul». Winwood vart rekna som å vere eit vidunderbarn då han til trass for den unge alderen sin var ein respektert keybordist på hammondorgel og hans klåre tenorstemme og song på linje med dei store soulsongarane.

Gruppa hadde store hittar, som «Keep on Running» og «Gimme Some Lovin», men Winwood forlét gruppa i 1967 for å byrje i det meir psykedelisk orienterte bandet Traffic. I 1969 vart dette bandet oppløyst og Winwood slo seg saman med den gamle venen sin Eric Clapton som då akkurat hadde lagt ned Cream. Saman med to andre danna dei gruppa Blind Faith. Gruppa hadde ein stor hit i «Can't Find My Way Home», men det vart likevel ei kortlevd gruppe då ho vart oppløyst alt i november same år. Traffic vart samla igjen i 1970 og fortsette fram til 1976 då ho vart oppløyst for godt.

I 1977 gav han ut sit første soloalbum og i 1986 vart Back In The Highlife gjeve ut, og denne vart det store gjennombrotet til Winwood som soloartist med hitsinglane «Higher Lóve» og «Wake Me Up On Judgement Day». For den første av desse fekk han òg Grammy Award. Han stadfesta populariteten sin med albuma Roll With It frå 1988 og Refugees Of The Heart frå 1990, som begge vart storseljarar. I 1994 vart Winwood og Jim Capaldi frå Traffic gjenforeint, og desse gav ut albumet Far From Home. Winwood gav i 1997 ut albumet Junction Seven og fekk ein radiohit med songen «Spy In The House Of Love». Han hadde deretter eit lengre opphald før han gjorde comeback med About Time i 2003 som vart følgt opp med Nine Lives i 2008.

I 2004 sampla Eric Prydz Winwood-songen «Valerie» til megahiten «Call On Me».

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Solo[endre | endre wikiteksten]

Traffic[endre | endre wikiteksten]

Blind Faith[endre | endre wikiteksten]

Go[endre | endre wikiteksten]

Studiomusikar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Steve Winwood