Xabi Alonso

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Xabi Alonso
XabiAlonso.jpg
Personleg informasjon
Namn Xabier Alonso Olano
Fødselsdato 25. november 1981 (33 år)
Fødestad Tolosa i Spania
Høgd 183 cm
Posisjon Midtbane
Klubbinformasjon
Spelar for Real Madrid
Draktnummer 14
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1999-2004
2000-01
2004-09
2009-
Spania Real Sociedad
Spania Eibar (lån)
Flag of England.svg Liverpool
Spania Real Madrid
114 (9)
14 (0)
143 (15)
158 (4)
Landslag**
2002-03
2003-
Spania Spania U21
Spania Spania
9 (0)
110 (15)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 11. mai 2014.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 7. juni 2014.

Xabier Alonso Olano, kjend som Xabi Alonso (fødd 25. november 1981 i Tolosa i Baskarland) er ein spansk fotballspelar, som spelar på midtbanen for Real Madrid i spansk Primera Division og for det spanske landslaget. Han var med på å vinna den europeiske meisterligaen med Liverpool i 2005. I 2003 vart han kåra til årets spanske spelar. Med Real Madrid vart han spansk seriemeister i 2012 og vann den europeiske Meisterligaen i 2014.

Xabi Alonso debuterte for Spania sitt A-landslag i april 2003 i ein privatlandskamp mot Ecuador. Han spelte to kampar, ein frå start og ein som innbytar, i fotball-EM i 2004. Han skåra det første landslagsmålet sitt under fotball-VM i 2006. Då Spania vart europameistrar i 2008 spelte han for det meste som innbytar, i fire av Spania sine seks kampar. I VM i 2010 spelte han frå start i alle dei sju kampane då Spania vart verdsmeistrar i Sør-Afrika. I EM i 2012 spelte han igjen heile kampen i alle Spania sine kampar då dei igjen vart europameistrar.