Strandsnigel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Strandsnigel


Sniglehus frå strandsnigel
Sniglehus frå strandsnigel

Systematikk
Rekkje: Mollusca
Klasse: Gastropoda
Orden: Sorbeoconcha
Familie: Littorinidae
Slekt: Littorina
Vitskapleg namn
Littorina littorea

Strandsnigelen (Littorina littorea) er ein fjørelevande snigel. Dei finst hovudsakleg langs stein-, sand- eller gjørmestrender ved den atlantiske kysten, men også i brakkvatn og i små tidvasspyttar. Strandsniglar kan vera opp til 3,5 cm i høgda og har eit spiralforma skal.

Strandsniglar pustar med gjeller, og kjem seg rundt på ein slimvæta muskuløs fot. Dei er rasparar, med ei tunge som kan slipe som sandpapir. Dei lever av små algar, som dei skrapar av steinar eller sandkorn med tunga si.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Strandsnigel
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.