Strupesong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Strupesong».


Strupesong (mongolsk chöömij) er ein særeigen songteknikk, som òg blir kalla overtonesong. Denne songteknikken har hovudsakleg vore i bruk hos tuvinar, mongolar og tibetanske munkar, men finst òg i andre musikktradisjonar spreidde utover det meste av verda, som hos inuitar, ainu, samar, italienarar og xhosa. Strupesongen byggjer på ein langdregen og mørk tone frå langt nede i strupen. Oppå denne tonen kjem andre lysare tonar ved at strupesongaren set tunga i ulike stillingar i munnen. Såleis greier songaren å syngje to tonar samtidig; éin jamn og vedvarande undertone frå strupen, og éin overtone som skiftar med den skiftande resonansen frå munnhòla.

Strupesong har vore bruka i vestleg musikk, kanhende særleg som innslag i World Music, men også innan andre musikkstilar, så som samtidsmusikken hans Karlheinz Stockhausen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]