Super Mario All-Stars

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Super Mario All-Stars
Sjanger Plattformspill
Spelmodus Enkeltspiller, flerspiller
Plattform(er) Super NES, Wii
Utgjeving 1993
Aldersgrense Alle

Super Mario All-Stars (japansk: Super Mario Collection) er eit dataspel til Super NES med forbetra utgåver av NES-spela Super Mario Bros., Super Mario Bros. 2, Super Mario Bros. 3, og Super Mario Bros.: The Lost Levels på same kassett. Spelet kom i 1993.

Fakta[endre | endre wikiteksten]

Super Mario All-Stars var ein av dei første forbetra versjonane av eit spel. Grafikken hadde fått nye fargar og var oppdatert for Super NES, og mange feil frå dei originale versjonane var retta opp. Lydane og bakgrunnsmusikken var betre enn i original versjonen. Ein lagrefunksjon var no òg tilgjengeleg. Super Mario Bros. 2 hadde fått flest forbetringar. Måten ein møtte Bowser i Super Mario Bros. og Super Mario Bros.: The Lost Levels er unike for Super Mario All-Stars. Super Mario Bros: The Lost Levels er Super NES-versjonen av den japanske Super Mario Bros. 2 som først kom ut for Nintendo Family Computer i Japan i 1986.

Ideen med Super Mario All-Stars har òg blitt brukt i Final Fantasy og Dragon Quest og prøvd med The Legend of Zelda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]