New Super Mario Bros. Wii
| New Super Mario Bros. Wii | |
| Utviklar(ar) | Nintendo EAD |
|---|---|
| Utgjevar(ar) | Nintendo |
| Serie | Super Mario |
| Sjanger | Plattform |
| Spelmodus | Einspelar, samverkande fleirspelar (2-4) |
| Utgjeving | NA 15. november 2009 EU 20. november 2009 JP 3. desember 2009 |
| Medium | 1 Optisk Wii-plate |
New Super Mario Bros. Wii er eit siderullande plattformspel utvikla og publisert av Nintendo for Wii. Det vart gjeve ut 15. november i Nord-Amerika, 20. november i Europa og 3. desember i Japan. Spelet er det første i Mario-serien sidan Mario Bros. som stør fleire spelarar samtidig på same skjerm.
Oppsett [endre]
New Super Mario Bros. Wii tek element frå New Super Mario Bros. for Nintendo DS og legg til fleirspelar for opp til fire på same skjerm samtidig. Det blir spelt ved at Wii-fjernkontrollen blir heldt horisontalt. For å hoppa eller skyta eldkuler kan ein trykkje på knappane, medan ein må skake på Wii-fjernkontrollen for å spinne rundt i lufta og å løfte opp andre spelarar.
Figurane ein kan kontrollere er Mario (første spelar), Luigi (andre spelar) og to Toad-figurar; ein blå (tredje spelar) og ein gul (fjerde spelar). Spelarane kan plukke kvarandre opp og kasta han som blir lyfta. Om ein spelar døyr kan han kome tilbake til spelet om ein av dei andre spelarane kjem borti ei boble som han kjem svivande inni. Utstyr kan ein skaffa seg gjennom ?-blokker eller bobler som kjem svivande langs skjermen. Nye ting som gjev ein figur nye eigenskapar er blitt lagde til; ein propelldrakt som lèt ein flyga, ein pingvindrakt som lèt ein skli på magen og frysa fiendar og ein isblom som berre lèt ein fryse fiendar. Det blir også mogleg for spelarane å ri på Yoshi i nokre avgrensa nivå.
Bakgrunnsstoff [endre]
- New Super Mario Bros. Wii hjå Nintendo.no
- Offisiell europeisk nettside
|
|
|
|---|---|
| Mario-spel i 2D | Donkey Kong · Mario Bros. · Super Mario Bros. · The Lost Levels · Super Mario Bros. 2 · Super Mario Bros. 3 · Super Mario Land · Super Mario World · Super Mario Land 2 · Yoshi's Island · New Super Mario Bros. · New Super Mario Bros. Wii · New Super Mario Bros. 2 · New Super Mario Bros. U |
| Mario-spel i 3D | Super Mario 64 · Super Mario Sunshine · Super Mario Galaxy · Super Mario Galaxy 2 · Super Mario 3D Land |
| Andre spel | Wrecking Crew · Wario Land: Super Mario Land 3 · Mario Clash · Luigi's Mansion · Mario Pinball Land · Super Princess Peach |
| Andre seriar | Mario Kart · Mario Party · Rollespel · Sportspel · Donkey Kong · Wario · Super Smash Bros. |