Super Mario Bros. 2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Super Mario Bros. 2
Utviklar(ar) Nintendo EAD
Utgjevar(ar) Nintendo
Serie Mario
Sjanger Plattform
Spelmodus Einspelar, fleirspelar
Plattform(er) Nintendo Entertainment System,
Game Boy Advance,
Virtual Console
Utgjeving NA Oktober 1988
EU 28. April 1989
JP 14. juli 1992
Game Boy Advance:
JP 21. mars 2001
NA 10. juni 2001
EU 22. juni 2001
Virtual Console:
EU 25. mai 2007
NA 2. juli 2007
JP 10. august 2007
Aldersgrense PEGI: 3+

Super Mario Bros. 2 (スーパーマリオ USA Super Mario USA) er eit plattformspel utvikla og publisert av Nintendo for Nintendo Entertainment System. Det vart først gjeve ut i Nord-Amerika oktober 1988, i Europa april 1989 og i Japan juli 1992.

Spelet har vore omlaga tre gonger; først som ein del av Super Mario All-Stars for Super Nintendo Entertainment System, etter det som ei omlaging i Super Mario Advance-serien på Game Boy Advance, og sist som digital nedlasting på Virtual Console for Wii.

Oppsett[endre | endre wikiteksten]

Super Mario Bros. 2 har til skilnad frå Super Mario Bros. ikkje modi for fleirspel. Splearen vel mellom fire figurar frå Mario-spela; Mario, Luigi, prinsesse Toadstool og Toad. Alle fire har forskjellige eigenskapar; Mario er nøytral, Luigi hoppar høgast, Toad kan plukke opp ting raskast og prinsessa kan hoppa lengst sidan ho kan svive med kjortelen sin. Alle figurane kan auke høgda på hoppet sitt ved å kort krøke seg i hop.

Til skilnad frå Mario-spel flest kan ikkje fiendar bli skada om ein hoppar på dei. I staden må spelaren kasta noko på fiendane, som grønsaker eller andre fiendar. Om ein kastar ei blokk merka «POW» vil alle fiendane på skjermen bli utsletta. Helsa til figuren ein speler blir representert av ein helsemålar, synt i spelet som prikkar. Spelaren byrjar kvart nivå med to prikkar, men kan auke talet på desse ved å finne soppar. Helsa kan bli heila ved at ein samlar flygande hjarte som dukkar opp om ein nedkjempar nok fiendar. Stjerna som gjer ein usårleg dukkar også opp dersom ein samlar nok kirsebær.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]