Super Mario Bros.: The Lost Levels
| Super Mario Bros.: The Lost Levels (Super Mario Bros. 2 i Japan) |
|
| Utviklar(ar) | Nintendo EAD |
|---|---|
| Utgjevar(ar) | Nintendo |
| Serie | Mario |
| Sjanger | Plattform |
| Spelmodus | Einspelar, fleirspelar |
| Plattform(er) | Famicom Disk System Game Boy Advance Virtual Console |
| Utgjeving | JP September 1985 NA 1986 EU Mai 1987 |
Super Mario Bros.: The Lost Levels (スーパーマリオブラザーズ2 Super Mario Bros. 2) er eit plattformspel utvikla og publisert av Nintendo for Famicom Disk System. Det vart først gjeve ut i Japan den 3. juni 1986, og er oppfølgjaren til Super Mario Bros.. Originalversonen av spelet vart ikkje gjeve ut i Europa, men ei omlaging vart gjeve ut i samlepakken Super Mario All-Stars for Super Nintendo Entertainment System i 1993. The Lost Levels er også tilgjengeleg som digital nedlasting på Virtual Console for Wii.
Oppsett [endre]
I Super Mario Bros.: The Lost Levels styrer spelaren Mario eller Luigi etter eit val på tittelskjermen. Spelet har ingen modus for fleirspel. Mario og Luigi har ulike eigenskapar i spelet; Mario har best fotfeste medan Luigi hoppar høgast.
Spelet har mange fellestrekk med Super Mario Bros.. Målet er framleis å kome seg gjennom åtte verder med fire nivå kvar for å berge prinsessa. Nivåa skal vere meir utfordrande enn i føregangaren.[1]
Det er ingen nye fiendar i spelet, men nokre av dei ter seg annleis enn før; landfiendar kan no bli funne i nivå under vatn, medan vassfiendar kan bli fune flygande i bakkenivå.
Referansar [endre]
- ↑ Super Mario Bros. 2: The Lost Levels - produktinformasjon. Vitja 25. oktober 2009.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Super Mario Bros.: The Lost Levels hjå Nintendo.no
|
|
|
|---|---|
| Mario-spel i 2D | Donkey Kong · Mario Bros. · Super Mario Bros. · The Lost Levels · Super Mario Bros. 2 · Super Mario Bros. 3 · Super Mario Land · Super Mario World · Super Mario Land 2 · Yoshi's Island · New Super Mario Bros. · New Super Mario Bros. Wii · New Super Mario Bros. 2 · New Super Mario Bros. U |
| Mario-spel i 3D | Super Mario 64 · Super Mario Sunshine · Super Mario Galaxy · Super Mario Galaxy 2 · Super Mario 3D Land |
| Andre spel | Wrecking Crew · Wario Land: Super Mario Land 3 · Mario Clash · Luigi's Mansion · Mario Pinball Land · Super Princess Peach |
| Andre seriar | Mario Kart · Mario Party · Rollespel · Sportspel · Donkey Kong · Wario · Super Smash Bros. |