Svalbard globale frøkvelv
Svalbard globale frøkvelv (engelsk: Svalbard International Seed Vault) er namnet på ein lagringsstad som ligg inne i fjellet i nærleiken av Longyearbyen på Svalbard, og vil romma inntil tre millionar ulike typar frø. De to frøkvelvane ligg vel 120 meter inne i Platåberget på Svalbard, om lag 2,5 kilometer utanfor Longyearbyen. Kvelven består av tre lufttette skilde kammer i enden av ein lang tunnel.
Anlegget stod ferdig mot slutten av 2007, og dei første frøa vart plasserte i kvelven i samband med opninga[1]. Frøkvelven vart offisielt opna ved ein seremoni 26. februar 2008[2], der mellom andre fredsprisvinnaren Wangari Maathai, statsminister Jens Stoltenberg, EU-president José Manuel Barroso og innpå 200 andre innbodne gjester var tilstade.[3]
Innhaldsliste |
Bakgrunn [endre]
For å bidra til å sikra det eksisterande plantelivet mot ulike globale katastrofar som til dømes atomulukker, plantesjukdomar og andre større trugsmål som kan utrydda plantane, skal opptil fire millionar ulike frø lagrast nede i permafrosten. Genbankar frå heile verda, over hundre i talet, skal bidra og senda duplikat av alle frøa sine til Svalbard. Dermed skal frø frå heile planeten vera sikra for framtida. Kvart land eig sitt eige genetiske materiale, men i tilfelle ein internasjonal krisesituasjon kan det gjerast tilgjengeleg for alle[4]. Ein kjølig temperatur vil stansa utviklinga til frøa og konservera dei i årevis. Dersom det er behov for det, kan frøa tinast opp frå lagringstemperaturen på minus 18 grader og verta spiredyktige på nytt.
Finansiering [endre]
Bill & Melinda Gates Foundation (eit fond i regi av Bill Gates) har bidrege med 35 millionar dollar til frøbankprosjektet. [5], pengar som ikkje går til sjølve kvelven, men til innsamlinga av frø frå heile verda.
Noreg står for bygginga og drifta av anlegget. Frølagret kosta nærare 50 millionar kroner[5].
Sagt om Svalbard globale frøkvelv [endre]
- Terje Riis-Johansen: «Noas Ark på Svalbard»
- José Manuel Barroso: «Dette vert ein frosen Edens hage. Ein stad der livet kan takast vare på i all framtid, same kva som skjer rundt om i verda. Noreg skal ha stor takk og ros for dette initiativet»[6].
Kunstutsmykking [endre]
Eit kunstverk laga av Dyveke Sanne utsmykkar inngangspartiet til Svalbard globale frøkvelv. Landbruks- og matdepartementet omtala i ei pressemelding i januar 2008 kunstverket slik[7]: «Taket og deler av fronten i det synlige inngangspartiet er fylt med trekanter av høyreflekterende, syrefast stål i forskjellige størrelser. Sammen med andre lysbrytende elementer som dichroisk speilglass og prismer, vil disse kaste omgivelsene og lyset tilbake i alle retninger. Bygget vil reflektere sollys og lys, alt etter årstid og tid på døgnet. I mørketiden vil andre lyskilder overta. Lyset utgjør en komplementær størrelse til det mørke som er gravd ut i permafrosten innenfor, og vil være med å signalisere frøhvelvets posisjon til enhver tid.» Kunstprosjektet vart produsert og gjennomført av Kunst i offentlige rom (KORO).
Sjå òg [endre]
Referansar [endre]
- ↑ Tore Ulabrand Johansen: En frossen edens hage (VG)Vitja 28. februar 2008.
- ↑ Nordlys: DiCaprio kommer kanskje til Svalbard, presentert 19. januar 2008
- ↑ Tore Ulabrand Johansen: En frossen edens hage (VG)
- ↑ Tore Ulabrand Johansen: En frossen edens hage (VG)
- ↑ 5,0 5,1 Nordlys: DiCaprio kommer kanskje til Svalbard, 19. januar 2008
- ↑ Tore Ulabrand Johansen: En frossen edens hage (VG)
- ↑ Landbruks- og matdepartementet: Svalbard Globale frøhvelv: Kunsten er på plass, 29. januar 2008
Bakgrunnsstoff [endre]
- Welcome to the Svalbard Global Seed Vault (SGSV) Seed Portal
- Odin: Statsministeren markerer Globalt frøhvelv
- na24.no: Norge bygger Noahs ark
- AlJazeera: Norway to build seed 'doomsday vault'
- BBC News: Work begins on Arctic seed vault
- CNN: Norway building 'doomsday vault' to protect seeds
- Artikkel i The Guardian
- Artikkel i BBC News: 'Doomsday' vault design unveiled
- Artikkel i BBC News: Doomsday vault begins deep freeze
- VG: Dette skal hindre menneskehetens undergang
- Regjeringen.no: Svalbard Global Seed Vault: Arctic Seed Vault Opens Doors for 100 Million Seeds
- Dagbladet Magasinet: Åpner verdens best isolerte fryser
- "Doomsday Seed Vault" in the Arctic. Bill Gates, Rockefeller and the GMO giants know something we don’t. Ei kritisk analyse av kreftane og motiva bakom frøkvelvane. Skriven av F. William Engdahl for Centre for Research on Globalization.
- Denne artikkelen bygger på «Svalbard globale frøkvelv» frå Wikipedia på bokmål, den 28. februar 2008.