Svend Aschenberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svend Aschenberg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. september 1769
Molde kommune
Død

31. mars 1845 (75 år)
Røros

Yrke prest, politikar
Språk norsk
Medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Svend Aschenberg på Commons

Svend Aschenberg (27. september 176931. mars 1845) var ein norsk prest og stortingsmann. Han var svigerfar til Knud Olsen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Aschenberg var fødd i Molde. Han gjekk på Trondheims latinskule og vart student i 1787. Teologisk eksamen tok han i 1791. 30. mai 1794 vart han utnemnd til sokneprest til Mo i Øvre Telemark. Ei tid var han attåt prost i Øvre Telemark prosti. Han vart, 28. mars 1806, utnemnd til sokneprest til Røros. Aschenberg fekk avskjed i nåde frå embetet 15. februar 1845, etter 39 års teneste. Seks veker seinare døydde han.

«Aschenberg var en av de mest særpregede prester som Bergstaden har hatt, og fortellinger om gammelprosten lever i folkeminnet og litteraturen den dag i dag. Det blir bl.a. sagt at Johan Falkberget baserte romankarakteren Benjamin Sigismund i boka Den Fjerde Nattevakt på Aschenberg.» (Lars Geithe).

Aschenberg var stortingsmann for Søndre Trondhjems amt i 1815-16. Han var då medlem av sju komitear. I 1830 vart han vald til 1. varamann (suppleant), men møtte på stortinget då den valde representanten, Anders Rambech, sa frå seg valet. Aschenberg var medlem av Lagtinget og av komiteen for næringsvegane.

Han var riddar av Nordstjerneordenen, 1818.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]