Anders Rambech

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anders Rambech på eit måleri av Jacob Munch. Tilhøyrer Eidsvoll 1814.
Frå DigitaltMuseum

Anders Rambech (2. september 176714. september 1836) var ein embetsmann, eidsvollsmann og stortingsmann frå Kvikne i Sør-Trøndelag.

Rambech var fødd i Kvikne, faren arbeidde som pliktfut for Røros koparverk. Han vart tilsett som kontorist hos sorenskrivaren i Orkdal i 1783, og ti år seinare som fullmektig hos same. Same året, 1793, vart han eksaminert jurist. År 1800 vart han sjølv sorenskrivar i Orkdal, eit embete han hadde til han døydde.

Rambech var utsending frå Søndre Trondhjems amt til riksforsamlingaEidsvoll i 1814. Han var stortingsrepresentant i 1815-16, 1818, 1824, 1827 og på det overordentlege storting 1828. Også til 1830-stortinget var han vald, men sa frå seg. I 1815-16 var han sekretær i Stortinget og medlem av 12 komitear. Han var formann i komiteen om bondestandens næringsfridom og komiteen om det Ankerske fideikommiss. I 1818 var han stortingspresident og ei kort tid sekretær i Stortinget. Han var medlem av 18 komitear. I fem av komiteane var han formann, mellom anna om embetsmenns løner, om sølvverdien, om matrikkellova og om lova om elgen. Elles var han med i deputasjonen som Stortinget sende til kongekroninga i Trondheim. Under tingsamlingane 1824, 1827 og 1828 var han president i Odelstinget. I 1824 var han sekretær i både kyrkjekomiteen og i komiteen om innløysing av riksbanksetlane. Attåt var han på dei same tre stortinga medlem av valkomiteen og fullmaktskomiteen.

Rambech var busett på garden Syrstad i Meldal, og døydde der.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]