Daman og Diu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Daman og Diu
   
   
   
Daman and Diu in India (disputed hatched).svg
Status Forbundsterritorium i India
Administrator Arun Mathur
Hovudstad Daman
Offisielt språk gujarati, engelsk
Areal

- % vatn

122 km²

 

Folketal

- totalt
- folketettleik

ca. 158 059 (2001)
ca. 1 411/km²

Verdsdel Asia
Internet-domene .in
Tidssone UTC 5.30
Internasjonal telefonkode +91
Nasjonalsong  

Daman og Diu er eit forbundsterritorium i India. Hovudstaden er Daman. Ved folketeljinga i 2011 hadde territoriet eit folketall på 242 911.[1]

Kart over Diu frå 1729.

I over 450 år var desse små kystområda ved Det arabiske havet en del av portugisisk India, saman med Goa og Dadra og Nagar Haveli. 19. desember 1961 blei Goa, Daman og Diu innlemma i India etter ein invasjon.[2] Innlemminga blei først anerkjent av Portugal i 1974. Goa, Daman og Diu utgjorde eit enkelt unionsterritorium fram til 1987, då Goa ble ein eigen delstat. Daman og Diu blei då eit separat forbundsterritorium, der kvar av dei to enklavane utgjer kvart av dei to distrikat i territoriet.

Hovudspråket i Diu er gujarati, medan innbyggjarane i Daman stort sett snakkar marathi. Portugisisk er språket til rundt 10 % av innbyggjarane. Minoritetsspråket er i tilbakegang, sidan det ikkje blir brukt i skuleverket. Det finst også kreolspråk basert på portugisisk, nemleg língua da casa ('heimespråket') i Daman, og língua dos velhos ('språket til dei gamle') i Diu.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Diu er ei lita øy utanfor kysten av Saurashtra-halvøya i delstaten Gujarat. Øya utgjør ca. 20 km², og er bunden saman med Gujarat av fleire bruer. Byen Diu ligg på austspissen av øya, som elles omfattar sandstrender ut mot Det arabiske havet, jordbruksdistrikter inne på øya og sumpområdet inn mot Gujarat.

Daman er eit noko større landområde på 71 km². Det ligg på grensa mellom Gujarat og Maharashtra, nord for Mumbai. Byen Daman ligg ved munninga av elva Damanganga.

Både Daman og Diu er prega av den portugisiske fortida, og i begge byane finst det store portugisiske festningsverk, gammal byarkitektur og rikt utsmykka katolske kyrkjer. Ei liberal haldning til alkohol som også er ein arv frå kolonitida gjer begge enklavane til populære reisemål for indarar frå område med meir restriktiv lovgjeving.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Size, growth rate and distribution of population, Census of India, s. 47.
  2. Daman & Diu – WhereInCity.com, India Information

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Daman og Diu


India: Delstatar og territorium Det indiske flagget
Andhra Pradesh | Arunachal Pradesh | Assam | Bihar | Chhattisgarh | Goa | Gujarat | Haryana | Himachal Pradesh | Jammu og Kashmir | Jharkhand | Karnataka | Kerala | Madhya Pradesh | Maharashtra | Manipur | Meghalaya | Mizoram | Nagaland | Orissa | Panjab | Rajasthan | Sikkim | Tamil Nadu | Tripura | Uttarakhand | Uttar Pradesh | Vest-Bengal
Forbundsterritorium: Andamanøyane og Nikobarane | Chandigarh | Dadra og Nagar Haveli | Daman og Diu | Lakkadivane | Puducherry
Hovudstadsterritorium: Delhi
Spire Denne geografiartikkelen som har med India å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.