Taxman
|
If you drive a car, I'll tax the street, George Harrison
|
«Taxman» er ein song av The Beatles og opningssporet på albumet Revolver frå 1966. Songen er basert på ei personifisering av skatteselskap som HM Customs and Excise, Inland Revenue og Internal Revenue Service. Songen vart skrive av George Harrison.
Harrison fekk inspirasjon til songen då han oppdaga kor mykje av det han tente som faktisk gjekk til skatt.[1]
Harrison fekk noko hjelp til teksten frå John Lennon, som skreiv enkelte linjer for han. Lennon nemnte mellom anna den dåverande statsministeren i Storbritannia, Harold Wilson, og den framtidige statministeren Edward Heath, i songen.
Harrison syng songen som om han er skatteinnkrevaren, ein person som prøver å få mest mogeleg pengar ut av folk med linjer som «If you try to sit, I'll tax your seat».
Medverkande [endre]
- John Lennon – tamburin, harmonivokal
- Paul McCartney – sologitar, bass, harmonivokal
- George Harrison – solovokal, rytmegitar
- Ringo Starr – trommer, maracas, kubjølle
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Taxman» frå Wikipedia på engelsk, den 15. desember 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- George's Greatest Moments. Rolling Stone (5. desember 2001).
- John Robb ({{{utgjeve}}}) The Stone Roses og the Resurrection of British Pop – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
- Martin C Strong ({{{utgjeve}}}) The Essential Rock Discography, s. 548 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
- ↑ George Harrison (1980) I Me Mine, s. 94 – Phoenix, London. ISBN 0753817349.