Revolver av The Beatles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Revolver
Studioalbum av The Beatles
Utgjeve 5. august 1966
Innspelt 6. april 1966 – 21. juni 1966 ved Abbey Road Studios i London
Sjanger
Lengd 35:01
Selskap Parlophone, Capitol, EMI
Produsent George Martin
Kritikk
The Beatles-kronologi
Rubber Soul
(1965)
Revolver Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band
(1967)

Revolver er det sjuande albumet til det engelske rockebandet The Beatles og kom ut 5. august 1966. Albumet viste ei ny stilmessig utvikling, som skulle verte meir framtredande på seinare album. Mange av songane på Revolver er markert av ein elektrisk gitar-rock-stil, i motsetnad til det folkrock-inspirerte Rubber Soul, som kom før Revolver. Albumet nådde førsteplassen på både den britiske og amerikanske salslista. I Noreg nådde albumet 14. plass som høgaste plassering.

Revolver vart gjeve ut før den siste turneen til Beatles i august 1966, men dei spelte ikkje songane frå albumet på konsertane. Årsaka til dette var at det var for mange innspelingsspor på albumet, til dømes ville «Tomorrow Never Knows» vorte altfor komplisert å spele på konsert.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Ein innspelingsteknikk som vart nytta for første gong på dette albumet var automatisk dobbelsporing (ADT), som lydteknikar Ken Townsend i EMI fann opp 6. april 1966. Denne teknikken skapte automatisk eit dobbelt vokalspor. Standardmetoden var å synge inn vokalen to gonger på to forskjellige spor med ein fleirsporsopptakar, ein metode som John Lennon særleg mislikte. Beatles var særs nøgd med oppfinninga og nytta han mykje på Revolver. ADT vart raskt ein standard innspelingsteknikk og førte til andre teknikkar, som den kunstige choruseffekten.

«Eleanor Rigby», ein av Paul McCartney sine songar på albumet, vart gjeve ut som singel med «Yellow Submarine» på dobbel A-side, samstundes med albumet. Songen markerer eit skifte hos Beatles, bort frå dei lettare popsongane frå tidlegare i karrieren, til songar med mørkare tema og atmosfære. Songen vart spelt inn med styrkarar arrangert av George Martin og McCartney. Songen er unik av Beatles-songane fordi alle medlemmene medverka til teksten. Ringo Starr kom med linja «Father Mackenzie, reading a sermon that no-one will hear».[1] Harrison medverka med linja «Ah, look at all the lonely people», som opnar songen.

Nyskapingane til The Beatles på albumet når kanskje eit høgdepunkt på siste sporet på albumet, «Tomorrow Never Knows». Songen var ein av dei første psykedeliske songane som kom ut og inneheldt banebrytande teknikkar som gitar innspelt baklengs, prosessert vokal og bandeffektar. Musikalsk er han bordunaktig, med ein kraftig synkopert, gjentakande trommerytme, og vert rekna som ein av dei tidlegare forgjengarane til elektronika. Teksten er inspirert av den tibetanske dødeboka.

Den mest muntre songen på Revolver er den barnesongaktige «Yellow Submarine».

Plateomslaget vart teikna av den tyskfødde bassisten og kunstnaren Klaus Voormann, ein av dei eldste venene til Beatles. Tittelen, Revolver, er eit ordspel som referer både til våpenet og til den roterande (engelsk revolving) rørsla til ei plate på ein platespelar.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Britisk utgåve[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Lennon/McCartney, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Taxman» (Harrison) 2:39
2. «Eleanor Rigby»   2:07
3. «I’m Only Sleeping»   3:01
4. «Love You To» (Harrison) 3:01
5. «Here, There and Everywhere»   2:25
6. «Yellow Submarine»   2:40
7. «She Said She Said»   2:37
Side to
# Tittel Lengd
8. «Good Day Sunshine»   2:09
9. «And Your Bird Can Sing»   2:01
10. «For No One»   2:01
11. «Doctor Robert»   2:15
12. «I Want to Tell You» (Harrison) 2:29
13. «Got to Get You into My Life»   2:30
14. «Tomorrow Never Knows»   2:57

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Revolver vert ofte omtalt som det største rockealbumet gjennom tidene.[2][3] I 1997 hamna det på tredjeplass på ei lsite i Storbritannia laga av innsendarar til HMV Group, Channel 4, The Guardian og Classic FM. I 2006 plasserte Q albumet på 4. plass, medan det same magasinet plaserte albumet heilt øvst på ei liste over dei 100 største britiske musikkalbuma gjennom tidene. I 2001 plasserte VH1 albumet øvst på lista over dei største albuma nokon gong,[4], ei plassering det òg fekk på Virgin All Time Top 1000 Albums.[5]Rolling Stone si liste over dei 500 største albuma gjennom tidene ligg det på tredjeplass.[6] På plassen føre låg Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band og Pet Sounds.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ringo Starr Reminisces About The Boys in the Band. BBC. Vitja 28. november 2008.
  2. The All Time Top 3000 Albums. AcclaimedMusic.net. Vitja 28. november 2008.
  3. List of Revolver Accolades. AcclaimedMusic.net. Vitja 28. november 2008.
  4. 2001 VH1 Cable Music Channel All Time Album Top 100. VH1. Vitja 28. november 2008.
  5. Beatles, Radiohead albums voted best ever. CNN. Vitja 28. november 2008.
  6. The 500 Greatest Albums of All Time. Vitja 28. november 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]