The Great Pretender

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Great Pretender
Singel av The Platters
B-side

«I'm Just a Dancing Partner»

Språk engelsk
Utgjeve 3. november 1955
Innspelt 1955
Sjanger Rhythm and blues, doo-wop
Lengd 2:36
Selskap Mercury Records
Komponist Buck Ram
Tekstforfattar Buck Ram
Låtskrivar(ar) Buck Ram
Produsent Buck Ram

«The Great Pretender» er ein popsong spelt inn av The Platters, med Tony Williams på solovokal, og gjeven ut som singel den 3. november 1955. TEkst og musikk var skriven av Buck Ram,[1] manager og produsent for the Platters, som var ein suksessrik låtskrivar før han vart produsent og manager. «The Great Pretender» nådde toppen av både R&B- og pop-lista i 1956.[2]

Buck Ram hevdar han skreiv songen på kring 20 minuttar på vaskeriet på Flamingo Hotel for å ha ein oppfølgjar til songen «Only You (And You Alone)».

I 2010 vart songen plassert på 360. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.[3]

Freddie Mercury-versjonen[endre | endre wikiteksten]

The Great Pretender
Singel av Freddie Mercury
B-side

«Exercises in Free Love» (3:58)

Språk engelsk
Utgjeve 23. februar 1987
Innspelt Januar - februar 1987
Sjanger Poprock
Lengd 3:26 (7")
5:55 (12")
Selskap Mercury Records
Komponist Buck Ram
Tekstforfattar Buck Ram
Låtskrivar(ar) Buck Ram
Produsent David Richards, Freddie Mercury, Mike Moran
Freddie Mercury-kronologi 
«Time»
(1986)
The Great Pretender «Barcelona»
(1987)


Songen vart populær att i 1987 med Freddie Mercury, songaren i rockebandet Queen. Mercury sin versjon nådde fjerdeplassen på UK Singles Chart.

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen til Mercury vart ein av dei mest kjende i karrieren hans. Han synte Mercury i dei mange Queen-utsjånadane han hadde hatt opp gjennom åra, som nye versjonar av «Crazy Little Thing Called Love», «It's a Hard Life», «I Want to Break Free» og «Bohemian Rhapsody». Han vart regissert av David Mallet i februar 1987, og med var òg Queen-medlemmet Roger Taylor og Peter Straker (ein ven av Freddie) i drag. Mercury barbert bort barten sin, noko som hadde vore varemerket hans sidan 1980. Ein lengre videoversjon finst på Freddie Mercury The Video Collection på VHS og DVD og Lover of Life, Singer of Songs på DVD.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Songen er gjeven ut på mange samlealbum, som Lover of Life, Singer of Songs, og Queen-albumet Greatest Hits III.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Freddie Mercury - solo og korvokal
  • Mike Moran - piano, klaverinstrument
  • Harold Fisher - trommer
  • Alan Jones - bassgitar

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Popkultur[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Buck Ram intervjua på Pop Chronicles (1969)
  2. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 463. 
  3. «361: The Great Pretender». Rolling Stone. 
  4. Gilliland, John (1969). «Show 52 - The Soul Reformation: Phase three, soul music at the summit. [Part 8]» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu. 
  5. Roy Clark. «The Great Pretender". Star Route TV Show 3.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Heile songtekstenMetroLyrics