Tibetansk
| Tibetansk (བོད་སྐད་ bod skad) |
||
| Klassifisering: | Sinotibetansk Tibetoburmansk Himalayisk Tibetokanaurisk Tibetansk |
|
| Talarar: | tibetanarar | |
| Bruk | ||
| Tala i: | Kina, India, Nepal | |
| Tibetansktalande i alt: | 6 150 000 | |
| Skriftsystem: | Tibetansk skrift | |
| Offisiell status | ||
| Offisielt språk i: | Den autonome regionen Tibet (Folkerepublikken Kina) | |
| Normert av: | Komiteen for standardisering av tibetansk (བོད་ཡིག་བརྡ་ཚད་ལྡན་དུ་སྒྱུར་བའི་ལ ས་དོན་ཨུ་ཡོན་ལྷན་ཁང་གིས་བསྒྲིགས / 藏语术语标准化工作委员会) | |
| Språkkodar | ||
| ISO 639-1: | bo | |
| ISO 639-3: | bod | |
| Wikipedia på tibetansk | ||
Tibetansk er eit språk som hovudsakleg blir snakka av det tibetanske folket som lever spreidd over eit stort område av austre Sentral-Asia og Sør-Asia, i tillegg til mange utvandra tibetanarar over heile verda. Fleire ulike variantar av tibetansk blir også snakka av folkeslag i nordlege Pakistan og i India i område som Baltistan og Ladakh, som begge ligg i eller rundt Kashmir. Språket finn vi i klassisk skrive form for det meste i lokal litteratur; særleg buddhist-litteratur.
Sjølv om klassisk tibetansk opphavleg ikkje er eit tonespråk, har nokre dialektar utvikla tonar. Dette gjeld sørleg Sentral- og Kham-dialektar, mens Amdo-dialekten og visse andre, vestlege dialektar er utan tonar. Tibetansk morfologi kan generelt beskrivast som agglutinerande.
Innhaldsliste |
Tibetanske skriftteikn [endre]
Tibetansk blir skrive med eit eige skriftsystem, tibetansk skrift. Tibetansk skrift er eit stavingsalfabet. det er beslekta med devanagari, og har ingen ting å gjere med kinesisk skrift. Kolonnen Wylie i tabellen nedanfor refererer til ein vanleg transkripsjonsstandard.
| Tibetansk | Wylie | IPA | Tibetansk | Wylie | IPA | Tibetansk | Wylie | IPA | Tibetansk | Wylie | IPA |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| ཀ | ka | k | ཅ | ca | tɕ | ཏ | ta | d | པ | pa | p |
| ཁ | kha | kʰ | ཆ | cha | tɕʰ | ཐ | tha | tʰ | ཕ | pha | pʰ |
| ག | ga | g | ཇ | ja | dʑ | ད | da | t | བ | ba | b |
| ང | nga | ŋ | ཉ | nya | ɲ | ན | na | n | མ | ma | m |
| Tibetansk | Wylie | IPA | Tibetansk | Wylie | IPA | Tibetansk | Wylie | IPA | Tibetansk | Wylie | IPA |
| ཙ | tsa | ts | ཞ | zha | ʑ | ར | ra | r | ཧ | ha | h |
| ཚ | tsha | tsʰ | ཟ | za | z | ལ | la | l | ཨ | a | — |
| ཛ | dza | dz | འ | ’a | ɦ | ཤ | sha | ɕ | |||
| ཝ | wa | w | ཡ | ya | j | ས | sa | s |
Grammatikk [endre]
Tibetansk er eit ergativt språk.
Lydlære [endre]
Tibetansk har fem vokalar, a, i, e, u, o.
Formlære [endre]
Substantiv [endre]
Klassisk tibetansk har ni kasus:
- Absolutiv (umarkert)
- Genitiv (-gi, -gyi, -kyi, -’i, -yi)
- Ergativ/Instrumental (-gis, -gyis, -kyis, -’is, -yis)
- Lokativ (-na)
- Allativ (-la)
- Terminativ (-ru, -su, -tu, -du, -r)
- Komitativ (-dang)
- Ablativ (-nas)
- Elativ (-las)
Bakgrunnsstoff [endre]
- Tibetansk dialektprosjekt
- Språk på det tibetanske platået og i Himalaya — Nicolas Tournadre
- Lyd med enkle frasar
- Det tibetanske alfabetet
- Gratis tibetansk grammatikk- og frasebok
- Rangjung Yeshe tibetansk-engelsk Dharma ordbok
- GB18030 Støttepakke for Windows 2000/XP, inkludert kinesisk, tibetansk, yi, mongolsk og thai av Microsoft
- Lær tibetansk på nettet
- Klassisk tibetansk språk-blokk
- internasjonalt buddhist-akademi Katmandu, Nepal
- Online tastatur for tibetansk