Trekkvogn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Trekkvogn (Volvo FH) med semitrailer.
Svingskiva på ei trekkvogn. Toppen på svingskiva er sett inn med feitt for å redusera friksjonen ved sving.

Trekkvogn er ofte ein stutt lastebil som vert nytta til å trekkja ein semitrailer eller svanehalshengar, men omgrepet vert òg nytta om ein lastebil som trekkjer ei påhengsvogn eller slepvogn, om ein person- eller varebil som trekkjer tilhengar, campingvogn, eller liknande.

Trekkvogn for semitrailer og svanehalshengar[endre | endre wikiteksten]

Trekkvogner for semitrailer og svanehalshengar er utstyrte med ei svingskive som semitraileren kviler på. Semitraileren har ein koplingsbolt som vert låst i svingskiva på trekkvogna. Trekkvogna og semitraileren kan slik røra seg relativt fritt i høve til kvarandre. Koplingsbolten og svingskiva tek òg opp horisontale krefter.

Trekkvogna kan ha enkel drivaksel, boggi eller boggi pluss løpeaksling. På det europeiske kontinentet er det vanleg med enkel drivaksling, men i Noreg er det ein føremon med boggi. Grunnen til dette er at ein da kan ha meir av vekta på vogntoget over på bilen. Dette gjev betre framkomlegheit på glatt føre ved at marktrykket på drivhjula kan aukast ved å lyfta den bakre akslingen. Nokre trekkvogner er utstyrte med boggi med tandemdrift, som òg aukar framkomlegheita. På grunn av den korte akselavstanden er trekkvogner med boggi rolegare og meir behagelege å køyra på ujamnt underlag enn vogner med enkel drivaksel. Moderne trekkvogner har som oftast luftfjøring. I tillegg til å betre fjøringseigenskapane på trekkvogna gjer luftfjøringa at trekkvogna lett kan senkast og hevast ved til- og fråkopling av semitraileren.

Ballasttrekkvogn[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Ballasttrekkvogn
MAN balasttrekkvogn.

Ei ballasttrekkvogn er ei trekkvogn som ikkje ber nyttelast, men vert lasta ned med ballast for å auka markgrepet, slik at trekk- og bremsekrafta aukar. Ballasttrekkvogner vert nytta for å trekkja, eller skuva, spesialhengarar for tung spesialtraksport. For særleg tunge transportoppdrag vert det nytta fleire balasttrekkvogner, der nokre trekkjer og andre skuvar lasta.

Galleri[endre | endre wikiteksten]