Semitrailer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Trekkvogn med semitrailer.
Koplingsbolten på undersida av semitraileren går i inngrep med svingskiva på trekkvogna.
Svingskive på trekkvogn. Spaken som stikk ut vert nytta for å løysa ut koplingsbolten ved fråkopling.
Dolly.

Semitrailer (halvtilhengar) kviler framenden på ei svingskive på ei trekkvogn, medan den bakre delen har ein eller fleire (boggi) akslar. I daglegtale vert gjerne ordet nytta unøyaktig om vogntog med trekkvogn og semitrailer, eller direkte feilaktig om vogntog generelt.

Semitrailer kan ta lang last og har ofte litt større nyttelast enn eit vogntog med påhengs-/slepvogn. Største tillatne lengd på semitrailer i Noreg er 13,6 m og på trekkvogn pluss semitrailer 17,5 m.

Det finst mange typar semitrailer:

  • Rett semitrailer, der heile lasteplanet har same høgd og ligg over svingskiva.
  • Tanksemi, der høgda under tanken er større i framkant, slik at han ligg over svingskiva.
  • Jumbosemi, der den fremre delen av lasteplanet er så høgt at det ligg over svingskiva og den bakre delen er senka.
  • Svanehalshengar, der heile lasteplanet er senka og det berre er svanehalsen i framenden som er høg nok til at han ligg over svingskiva. Det finst fleire variantar av denne typen.

Ved hjelp av ein «dolly» kan ein semitrailar gjerast om til ei slepvogn og nyttast saman med ei trekkvogn utan svingskive. Dette er ikkje aktuelt i Noreg grunna maksimalt tilleten lengd, medan til dømes Sverige tillet slike vogntog. Frå 1. juni 2008 vart det starta ei prøveordning for såkalla modulvogntog på maksimalt 25,25 m lengd og 60 tonn total masse også i Noreg[1].

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er henta ut frå «Tilhengar», den 22. mars 2009.