Tommy Vig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tommy Vig

Tommy Vig i Budapest 2009
(Foto av Zsolt Pethő)
Fødd14. juli 1938 (85 år)
FødestadBudapest
FødenamnTommy Vig
OpphavUSA
AktivFrå 1940-åra
Sjangerjazz, storband, bebop, orkesterjazz, klassisk, concerto
InstrumentVibraharp, trommer, perkusjon, xylofon, marimba, pauker, røyrbjøller
Tilknytte artistarHenry Mancini, Stan Kenton, Red Rodney, Don Ellis, Quincy Jones, Miles Davis-Gil Evans Big Band, Joe Pass, Tom Jones, Terry Gibbs, Art Pepper, Cat Anderson, Nelson Riddle, Shorty Rogers, Pete Rugolo, Milcho Leviev, Rod Stewart, Don Costa og andre
PlateselskapKlasszikus Jazz, Milestone, Discovery, Tom Tom, Pannon Jazz, Dobre, Mortney, Take V, Luz Records
Verka somBandleiar, musikar, komponist, arrangement

Tommy Vig (fødd 14. juli 1938) er ein jazz vibraharpespelar, trommeslagar, perkusjonist, arrangør, storbandleiar og film- og fjernsynskomponist.

Tommy Vig vart fødd i ein musikalsk familie i Budapest og vart internasjonalt kjend som ei vedunderbarn då han var seks år gammal og spelte trommer me faren, klarinettist Gyorgy Vig. Vig fullførte studiane sine ved Béla Bartók konservatorium i 1955 og Ferenc Erkel musikkhøgskule i 1956. Etter den ungarske revolusjonen i 1956, flykta han til Wien, der han spelte konsertar med Fatty George og Joe Zawinul. Etter han flytta til USA byrja han å komponere og dirigere sine eigne konsertar. Vig arbeidde med Red Rodney, Don Ellis, Cat Anderson, Terry Gibbs, Art Pepper, Milcho Leviev, Joe Pass, og Miles Davis-Gil Evans Big Band blant mange andre. I 1961 slo han seg ned i Las Vegas, der han spelte med Frank Sinatra, Sammy Davis jr., Tony Curtis, Woody Allen, Judy Garland og Tony Bennett. Han var perkusjonist på mange av albuma til Rod Stewart i 1970-åra.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • The Tommy Vig Orchestra 2016, Klasszikus Jazz Records (2017)
  • Tommy Vig 2015! The Time Machine], Klasszikus Jazz Records (2014)[1]
  • Tommy Vig 75!, Klasszikus Jazz Records (2014)[2]
  • Welcome to Hungary! The Tommy Vig Orchestra 2012 Featuring David Murray, Klasszikus Jazz Records (2011)
  • ÜssDob, Tom-Tom Records (2008)
  • Now and Then, Pannon Jazz (1947–2003)
  • Tommy Vig 1978, Dobre Records No. 1015 (1978)
  • Tommy Vig Orchestra Encounter With Time Discovery Records DS-780(1977)
  • Somebody Loves Me, Dobre Records No. 1005 (1976)
  • Tommy Vig in Budapest, Mortney Records No. 71425 (1972)[3]
  • Just for the Record, Private Pressing (1971)
  • The Sound of the Seventies, Milestone Records No. 9007 (1968)[4]
  • Encounter with Time aka Space Race, Discovery Records No. 70925 DS-780 (1967)[5]
  • The Tommy Vig Orchestra, Take V Records (1964)[6]

Musikk for film og fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]