Eidsvoll kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eidsvoll kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Akershus
Adm.senter Eidsvoll/Sundet
Areal 457 km²
 - land 392 km²
 - vatn 65 km²
Folketal 27 916  (1. januar 2024)
Målform bokmål
Ordførar Nina Kristengård (H)
Kommunenr. 3240
Kart
Eidsvoll kommune
60°20′51″ N 11°15′3″ E
Wikimedia Commons: Eidsvoll
Nettstad: www.eidsvoll.kommune.no

Eidsvoll er ein kommuneRomerike i Akershus fylke. Kommunen ligg kring sørenden av innsjøen Mjøsa og øvre del av elva Vorma som renn ut av Mjøsa. I nord og aust grensar kommunen til Innlandet fylke, med grense til kommunane Østre Toten og Stange i nord, til Nord-Odal i aust, til Nes i søraust, til Ullensaker i sør, og til Nannestad og Hurdal i vest. Desse grensene stammer frå 1964, då kommunane Eidsvoll og Feiring vart slege saman. Frå grensa mot Ullensaker i sør til Stange i nord er det om lag 35 kilometer.

Ein liten del av sentrum i Eidsvoll, tettstaden Sundet, fotografert over elva Vorma. Jarnbanestasjonen ligg på motsett sida av elva i høve til Sundet.

Kommuneadministrasjonen held til i tettstaden Sundet på austsida av elva Vorma, medan Eidsvoll kyrkje og Eidsvoll jarnbanestasjon ligg på vestsida av elva.

Politisk vert Eidsvoll kommune styrt etter «hovudutvalsmodellen», som går ut på at den løpande styringa går føre seg ved hjelp av politiske hovudutval for dei ulike saksområda. Hovudutvala gjer vedtak i medhald av fullmakt, eller gjev råd til formannskap og kommunestyre om korleis dei bør stille seg i saker av meir overordna karakter.

Det er hovudutval for:

  • skule- og barnehageetaten
  • helse- og sosialetaten
  • teknisk etat
  • kultur- og næringsetaten
  • administrasjonsutvalet, som er eit internt orientert utval

Eidsvoll kommune høyrer inn under Romerike politidistrikt, Øvre Romerike tingrett, som held til på Eidsvoll, og Eidsivating lagmannsrett, som held til på Hamar. Kyrkjesokna i Den norske kyrkja i kommunen er Eidsvoll, Langset og Feiring, som ligg under Eidsvoll prestegjeld i Øvre Romerike prosti i Borg bispedømme.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Dampskipet Skibladner og Dampskibsbrygga i nærleiken Eidsvoll jarnbanestasjon i 1880-åra.
Foto: Axel Lindahl

Funn frå steinalderen syner at det har vore busetnad i kommunen frå gamalt av, og fleire gardar har namn som går langt attende i tida.

Eidsvoll har markert seg på ymse vis i gamal og ny tid. I meir enn 600 år, i den seinaste parten av vikingtida og mellomalder, vart Eidsivating halde på staden Tingvoll attmed Eidsvoll kyrkje (på høgda ovanfor elva Vorma, på andre sida av elva i høve til tettstaden Sundet). Dette tinget, som opphavleg hadde vore samla på Åker i noverande Hamar kommune, var eit av dei viktigaste lagtinga (sendemannstinga) på Austlandet ved å femne om Raumafylke (grovt rekna det noverande Romerike), Heinafylke (grovt rekna det noverande Hedmark) og Hadafylke (grovt rekna det noverande Hadeland), seinare òg Østerdalen og Gudbrandsdalen. Eidsvoll er elles vidgjeten for at det var her den norske grunnlova vart utarbeidd og vedteke i 1814, i det huset på Eidsvoll Verk som no går under namnet Eidsvollsbygningen. Kommunevåpenet, som syner ei skålvekt i gull mot ein grøn bakgrunn og vart godkjend i 1987, har å gjere med den plassen Eidsvoll etter dette har i soga i både gamal og ny tid når det gjeld rettsskipinga, då skålvekta er eit symbol på rettferd og rettvise avgjerder.

Eidsvoll kyrkje

Eidsvoll kyrkje er ei krosskyrkje i stein; den eldste parten er frå mellomalderen, om lag 1200. Kyrkja vart ombygd i 1867, restaurert 1964–65, men sterkt brannskada i 2000.

På Hammerstad ligg Eidsvoll bygdetun, som er eit friluftsmuseum med fleire 200–300 år gamle hus.

Stein i nærleiken av Eidsvoll kyrkje med påskrifta «Her stod Eidsivatinget».
Foto: Harry Wad
.

Eidsvoll har ein viktig plass i norsk jarnbanesoge, ettersom den eldste jarnbana i Noreg, Hovedbanen, som vart opna i 1854 og seinare vart ein parsell av Dovrebanen, går mellom Oslo og Eidsvoll, med stasjon attmed elva Vorma. Vorma er seglbar opp til Mjøsa, og i tidlegare tider var det båtsamband mellom Eidsvoll stasjon og landet kring Mjøsa. Dette gjorde òg reisa frå Oslo og oppover Gudbrandsdalen snøggare og lettare. I nærleiken av Eidsvoll stasjon er det framleis kai for den gamle hjuldampbåten Skibladner, som nå går i turistrute på Mjøsa om sumaren.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Stasjonsbygningen på Eidsvoll jarnbanestasjon på Gardermobanen.

Hovudbanen mellom Oslo og Eidsvoll er for det meste erstatta av høgfartbanen Gardermobanen, som går om Oslo lufthamn Gardermoen mellom Oslo og Eidsvoll, og ein ny Eidsvoll stasjon er knytt til denne banen. I tillegg til Eidsvoll stasjon er det innanfor kommunen ein annan haldeplass for persontog på Gardermobanen, Eidsvoll Verk. Den gamle Eidsvoll stasjon på Hovedbanen er lagt ned, og stasjonsbygningen disponerast no av private. Hovedbanen er i bruk for persontog mellom Oslo og Dal stasjon i Eidsvoll kommune, elles for godstog.

Det viktige vegsambandet på langs av Noreg, europaveg E 6, går som motorveg gjennom størsteparten av kommunen, for det meste heilt utanom bustadområda. På vestsida av Mjøsa, frå Minnesund ved sørenden av Mjøsa, går det veg nordover til Gjøvik, og sørover på austsida av Vorma til Nes. Frå tettstaden Sundet går det veg vestover til europaveg E 6 og austover til Nord-Odal.

Næringsverksemd[endre | endre wikiteksten]

Jordbruk, hovudsakleg korn- og potetproduksjon, er den viktigaste næringa i Eidsvoll, men kommunen har òg trevare-, næringsmiddel- og verkstadindustri. Skogbruk er òg viktig; mykje av skogen i kommunen høyrer til Mathiesen-Eidsvold Værk og Eidsvold Allmenning. Elles reiser om lag helvta av dei yrkesaktive i kommunen kvar dag med tog, buss eller bil til arbeidsplassar i andre kommunar sørover på Romerike eller i Oslo.

Det har i gamal tid vore gruver i kommunen. Gruver i Feiring og Mistberget var i drift fram til 1825, og Feiring jernverk var i drift mellom 1806 og 1819. I grunnfjellet i nordaust (Gullverket) er det førekomstar av gull som det vart gjort uttak av i perioden mellom 1758 og 1908, men med fleire avbrekk i drifta.

Eidsvoll Jernverk, som har gjeve namn til eit område i kommunen, Eidsvolls verk, og ein haldeplass med same namn på Gardermobanen gjennom kommunen, vart sett i gang i 1624 som eit smelteverk for jarn, drive av vasskraft frå Andelva. Verket vart til eit gods som òg hadde store skogeigedomar, men i 1822 var det slutt.

Terrengtilhøve[endre | endre wikiteksten]

Mistberget er eit landemerke i Eidsvoll kommune.

Grunnfjellet i kommunen er gneisar. Den dominerande strøkretninga på grunnfjellet går frå nordvest til søraust, som retninga på elva Vorma er eit resultat av. Nordvest i kommunen, mellom Hurdalssjøen og Mjøsa, finst det kambrosiluriske sedimentære bergartar og magmatiske bergartar som høyrer til Oslofeltet. Dei høgaste berga i aust rekk opp i om lag 500 meter over havet. I nordvest er det fleire topper på mellom 600 og 700 meter, som til dømes Mistberget på 663 meter, den nest høgaste toppen i kommune, og Skreikampen i Feiring på 698 meter, den høgaste toppen i kommunen.

På Mistberget står det no eit branntårn frå 1938 og ei sendarmast for fjernsyn, radio, DAB-radio, digitalt bakkenett og basestasjon for helseradio. Her finst òg ein jerngruve for Eidsvold Verk, og fleire gamle skjerp etter bly, sink, kopar, jarn, wolfram, sølv og gull. På Byrud gard finst marmor og ei smaragdgruve.

Lausavsettingar frå den siste istida pregar landskapet i dei sentrale stroka av kommunen. Ein stor mo av sand og grus i sørvest, om lag 190 meter over havet, vart lagt opp av breelver då isen drog seg attende, og demte opp det som nå er Hurdalssjøen, og gav Andelva, som har opphav i Hurdalssjøen, ei retning mot aust fram til Vorma. Av di elva renn på tvers av den strøkretninga som som isen har gjeve fjellet i undergrunnen, har det vorte fleire fossar i elva.

Terrenget i dei lågare områda av kommunen er prega av at elver og bekkar ofte har skore seg djupt ned i tjukke lag av leire og sand frå istida, slik den vassrike elva Vorma har gjort på heile strekninga frå Minnesund ved utløpsosen i Mjøsa ned til utløpet i elva Glomma. Mjøsa er demma opp ved Minnesund av ei morene som var danna under eit opphald i nedsmeltinga av innlandsisen.

I Elstad landskapsvernområde attmed europaveg E6 ligg det fleire vatn og såkalla gryteholsjøar eller dauisgroper. Gryteholsjøar eller dauisgroper er resultatet av at det etter den siste istida har smelta vekk isblokker i lausmasser under terrengoverflata etter den siste istida, slik at det danna seg meir eller mindre sirkelrunde søkk etter dei, ofte omkransa av ei opphøgd rand av lausmasse. Liknande groper er òg danna ved at store isblokker etter istida pressa terrengoverflata ned på eit mindre område. Dauisgroper med eller utan vatn er det elles fleire av på Romerike.

Elstad landskapsvernområde vart skipa 17. desember 1999 og femner om eit areal på 7 605 dekar.

Kjende personar frå Eidsvoll[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]