Tornsmettar
| Tornsmettar | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Passeriformes | |
| Familie: | Acanthizidae | |
| Slekter | ||
|
||
| Vitskapleg namn | ||
| Acanthizidae
Sundevall, 1872
|
||
Tornsmettar, vitskapleg namn Acanthizidae, er ein biologisk familie av sporvefuglar i Australasia som inkluderer mellom anna gerygonar, musesmettar og krattsmettar. Tornsmettfamilien samlar små til middels store sporvefuglar med ei total lengd varierande mellom 8 og 19 cm. Dei har korte avrunda venger, tynnt nebb, lange bein og ein kort stjert. Dei fleste artane har olivenfarga, grå, eller brun fjørdrakt, sjølv om nokre har flekker av lysare gult. Den minste arten, og faktisk den minste av alle australske sporvefuglar, er stumpnebb. Den største arten i familien er losfugl .
Skildring [endre]
Tornsmettfamilien er utbreidd i Australia, Indonesia, New Zealand, og i sørvestre Stillehavet. Dei fleste artane finst i Australia og på Ny-Guinea, Australia har 35 endemiske artar og Ny-Guinea har 15. Vanuatu, Ny-Caledonia og Salomonøyane har kvar ein einskild art, og tre artar finst i New Zealand regionen, medrekna endemisk artar på Chatham Islands og Norfolk Island. I Asia er to artar avgrensa til Indonesia og ein annan er funnen i Filippinene og på fastlandet . Dei fleste artane er ikkje trekkfuglar, med unntak av Gerygone-artane. Familien har ei rekkje habitat frå regnskog til tørre ørkenar.
Dei fleste artane er bakkelevande, beitar hovudsakleg på insekt, men òg litt frø. Særleg artar av kvitmasker, slekta Aphelocephala, konsumerer store mengder frø, og andre artar vil ta frukter. Somme artar føretrekk sekreta av plantesaftsugande insekt, dessutan insekta sjølve. Nokre artar er mindre knytt til liv på bakken, slik som stumpnebb, som beitar i tretoppane, og hòlefugl. Uvanleg for så små fuglar legg dei berre eit eller to egg i kvart kull, moglegvis fordi dei har relativt lang levetid, der mange artar som lever til over ti år i naturen.[1]
Verdas naturvernunion, IUCN, vurderer dei fleste taksa i familien som lite sårbare. Unntaka, norfolkgerygone, Gerygone modesta, er sårbar,[2] og beltekvitmaske, Aphelocephala pectoralis reknast som nær trua.[3] Ein art, lordhowegerygone, Gerygone insularis, vart utrydda av rottepredasjon på byrjinga av 1930-talet.
Artslista [endre]
Tornsmettar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.5 frå desember 2010 [4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [5]
|
Slekt Pycnoptilus
Slekt Origma
Slekt Oreoscopus
Slekt Crateroscelis
Slekt Sericornis
Slekt Acanthornis
Slekt Pyrrholaemus
Slekt Calamanthus
Slekt Hylacola
|
Slekt Acanthiza
Slekt Smicrornis
Slekt Gerygone
Slekt Aphelocephala
|
|
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen byggjer på «Acanthizidae» frå Wikipedia på engelsk, den 17. januar 2011. Artikkelen gav følgjande referansar:
-
- Christidis, L., and W.E. Boles. 1994. The taxonomy and species of Birds of Australia and its territories. R.A.O.U. Monograph 2: 1-112.
- Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D., ed (2007). Picathartes to tits and chickadees. Handbook of the Birds of the World. Band 12. Barcelona: Lynx edicions. ISBN 978-84-96553-42-2.
- Mason, Ian J. & Schodde, Richard. 1999. The Directory of Australian Birds: Passerines. ISBN 978-0-643-06456-0
- Sibley, C.G., and J.E. Ahlquist. 1990. Phylogeny and Classification of Birds: A Study in Molecular Evolution. Yale Univ. Press, New Haven, CT. ISBN 978-0-300-04085-2
Referansar [endre]
- ↑ Garnett, Stephen (1991). Forshaw, Joseph. ed. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. ss. 197. ISBN 1-85391-186-0.
- ↑ «Gerygone modesta. In: IUCN 2010. IUCN Red List of Threatened Species. Version 2010.4». BirdLife International tilgjengeleg frå <www.iucnredlist.org>. http://www.iucnredlist.org/apps/redlist/details/146349/0. Henta 18. januar 2011.
- ↑ «Aphelocephala pectoralis. In: IUCN 2010. IUCN Red List of Threatened Species. Version 2010.4». BirdLife International tilgjengeleg frå <www.iucnredlist.org>. http://www.iucnredlist.org/apps/redlist/details/146354/0. Henta 18. januar 2011.
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (20. desember 2010) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.5, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%206.5.xls/view, henta 2. januar 2011
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Bakgrunnsstoff [endre]
- Videoar, bilete og lydopptak av tornsmettar hos Internet Bird Collection