Træna kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Træna kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1835
Fylke Nordland
Adm.senter Husøya
Areal 15 km²
Folkemengd 506 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-) Per Pedersen (Felleslista)
Målform Bokmål
Nettstad www.trana.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1835.svg
Træna kommune på Commons

Træna er ein kommune i Nordland fylke. Han ligg vest for Lurøy kommune og sørvest for Rødøy kommune. Ifylgje kommunen sine nettsider er Træna landets eldste fiskevær. Kommunen består av over 1000 øyer, holmar og skjer.

Dei folkesette øyene på Træna er kommunesenteret Husøy, Selvær, Sanna og Sandøy. Det er på Sanna at dei 5 karakteristiske fjelltoppane ligg.

Hovudnæringsveg på Træna er fiske. Den største bedrifta i kommunen er Modolv Sjøset AS, som i høgsesongen sysselset over 100 personar.

Kvar sommar sidan 2003 har øya arrangert Trænafestivalen, ein musikkfestival som trekkjer rundt 2000 menneske kvart år.

Over 180 fugleartar er registrerte på Træna.

Træna har eigen barne- og ungdomsskule med litt over 60 elevar. For å gå på vidaregåande, reiser elevane som oftast til Nesna eller Sandnessjøen.

Scener frå Træna vart brukt under filmatiseringa av boka Tatt av kvinnen av Erlend Loe.

Hamna i Træna
Sanna sett frå Husøya på Træna

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Træna kommune
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.