Tramontane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vindar i Middelhavet

Tramontane (Tramuntana, Tramontana) er eit klassisk namn på ein nordleg vind. Det eksakte namnet og retninga varierer noko frå land til land. Ordet kjem av det italienske tramontana, som igjen kom frå det latinske trānsmontānus (trāns- + montānus), «bortanfor fjella/på andre sida av fjella»,[1] og viser til Alpane i Nord-Italia. Ordet er ikkje berre knytt til vind og kan vise til alt som kjem frå eller folksom bur på andre sida av fjell, eller meir generlt om noko utanlandsk, rart eller barbarisk.

Tramontane i forskjellige land[endre | endre wikiteksten]

Catalonia[endre | endre wikiteksten]

I Catalonia vert vinden kalla Tramuntana. Vinden har gjeve namn til Serra de TramuntanaMallorca.

Kroatia[endre | endre wikiteksten]

I Kroatia heiter vinden Tramuntana.

Frankrike[endre | endre wikiteksten]

Tramontaneskyer i Port-Leucate (Aude), sør i det sentrale Frankrike

Tramontane i Frankrike er ein kraftig, tørr og kald vind frå nord (ved Middelhavet) eller frå nordvest (i nedre Languedoc, Roussillon, Catalonia og the Balearane). Han er liknande mistralvinden men følgjer andre banar. Tramontanevinden vert forsterka mellom Pyreneane og Massif central, medan mistralvinden bles ned Rhonedalen mellom Alpane og Massif central.

Tramontane er eit døme på ein katabatisk vind, som vert skapt av trykkskilnaden mellom kaldlufta i eit høgtrykk over Atlanterhavet eller Nordvest-Europa og eit lågtrykk over Golfe du Lion i Middelhavet. Høgtrykkslufta bles sørover og vert forsterka mellom Pyreneane og Massif central.

I følgje franske kjelder vart namnet nytta i den noverande forma mot slutten av 1200-talet av Marco Polo.

Den vedvarande hylelyden som tramontanevinden skapar er sagt å vere forstyrrande på psyken til folk. I diktet Gastibelza av Victor Hugo seier hovudpersonen: «Le vent qui vient à travers la montagne me rendra fou..» («vinden som kjem frå andre sida av fjella gjer meg galen»)

Italia[endre | endre wikiteksten]

I Italia vert vinden kalla tramontana eller stundom garigliano. I Italia er opphavet til namnet omdiskutert og varierer frå region til region. På kysten av Sorrento meiner ein til dømes at namnet kjem frå landsbyen Tramonti, som vinden kjem frå om ein står ved kysten.

Vinden i Italia er ein nordaustleg eller nordleg vind som bles frå Alpane og Appenninane (sør for Alpane) til den italienske kysten. Han er særs vedvarande på vestksyten av Italia og nordsida av Korsika. Vinden vert skapt av eit vêrsystem frå vest etter eit lågtrykk over Middelhavet. Vinden er sterkast før soloppgang og kan nå ein styrke på 20 m/s (sterk kuling).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Houghton Mifflin (2000). The American Heritage Dictionary of the English Språk (4th ed ed.). Boston og New York: Houghton Mifflin. s. 1831. ISBN 978-0-395-82517-4.