Tsonga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tsonga
(Xitsonga)
Klassifisering: Niger-kongo-språk
 Atlantisk
  Volta-kongo-språk
   Benue-kongo-språk
    Bantoid
     Sørleg
      Eigentleg bantuspråk
       Sentralt
        Tsonga
Bruk
Tala i: Flag of South Africa.svg Sør-Afrika
Flag of Mozambique.svg Mosambik
Flag of Swaziland.svg Swaziland
Flag of Zimbabwe.svg Zimbabwe
Tsongatalande i alt: 3 669 000[1]
Skriftsystem: Det latinske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-1: ts
ISO 639-2: tso
ISO 639-3: tso
Wikipedia på tsonga

Tsonga er eit bantuspråk som blir snakka av tsongafolk i Sør-Afrika, Mosambik, Swaziland og Zimbabwe. Det er eitt av elleve offisielle språk i Sør-Afrika.

Geografisk fordeling av tsonga-talarar i Sør-Afrika
██ <1 /km² ██ 1–3 /km² ██ 3–10 /km² ██ 10–30 /km² ██ 30–100 /km² ██ 100–300 /km² ██ 300–1000 /km² ██ 1000–3000 /km² ██ >3000 /km²

Knapt 2 millionar sørafrikanarar i Limpopo-, Gauteng- og Mpumalanga-provinsane snakkar tsogna.[2] Det blir også brukt av rundt 1,5 millionar mosambikarar, rundt 100 000 zimbabwarar og rundt 19 000 swazilendarar.

Alle dei ulike tsongadialektane er blitt påverka av zulu. I Zimbabwe er språket påverka av ndebele. Tsonga inneheld til dømes lånord med klikkelydar frå desse språka. Språket har også lånord frå engelsk, afrikaans og portugisisk.

Som typiske bantuspråk er det eit SOV-språk med subjekt-objekt-verbal som standard setningsoppbygging.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ethnologue-tal frå 2009
  2. Stats SA, Key Results, Census 2001 (oppgjeve av engelsk Wikipedia)