USA-imperiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

USA-imperiet eller Det amerikanske imperiet er ei nemning for den dominansen eller hegemoniet USA har hatt over ei rekkje land i store delar av verda, særleg etter andre verdskrigen. Denne dominansen har kome til uttrykk både kulturelt, økonomisk, politisk og militært. Ettersom talspersonar for USA vanlegvis nektar for at supermakta har ført eller fører ein imperialistisk politikk, er nemninga svært omstridd. Dei siste åra har fleire hevda at USA si internasjonale maktsstilling er på hell. Den sterke økonomiske veksten i mellom anna Kina, India og Brasil har ført til at USA si relative økonomiske makt er svekka. Mange meiner også at problema i samband med krigføringa i Irak og Afghanistan også svekkjer USA si internasjonale stilling.

USA sin utanrikspolitikk på 1800-talet[endre | endre wikiteksten]

Politisk plakat frå 1898. Teksten "Ten Thousand Miles From Tip to Tip" siktar til utvidinga av USA si makt, symbolisert av ørna, frå Puerto Rico til Filippinane. Plakaten set dette i kontrast til eit kart over det mindre USA som fanst 100 år tidlegare i 1798.

Då dei 13 amerikanske koloniane reiv seg laus frå kolonimakta Storbritannia i 1776, grunnla dei ei anti-kolonialistisk linje i amerikansk utanrikspolitikk som landet har halde fast ved ved mange høve seinare. Landet har aldri skaffa seg regulære koloniar, men likevel har mange land i USA sitt maktområde hatt ei koloni-liknande stilling.

Då dei spanske og portugisiske koloniane i Sør- og Mellom-Amerika under Napoleonskrigane reiv seg laus frå kolonimaktene, fekk dei støtte frå USA. I desember 1823 kunngjorde president James Monroe i ein bodskap til kongressen den såkalla Monroedoktrinen. Her gjorde han klart at USA ville sjå på det som ei uvenleg handling dersom dei europeiske stormaktene prøvde å føra delar av Amerika tilbake til ei kolonial stilling. Uttalen var ikkje minst retta mot Storbritannia, som med sitt herredømme på havet var den einaste makta som kunne truga sjølvstendet til dei amerikanske statane.

På 1890-talet utvikla USA ein klart imperialistisk politikk bl.a. i Sør- og Mellom-Amerika. Då Colombia stod framfor ein revolusjon på Panamaneset, støtta USA under president Theodore Roosevelt opprørarane og anerkjende Panama som ein sjølvstendig republikk utan å rådføra seg med nokon. USA leigte og befesta ei kanalsone og tok til å byggja Panamakanalen. Panama vart i praksis eit protektorat under USA. Etter at USA lett vann krigen med Spania i 1898, annekterte dei utan vidare Puerto Rico og like eins Filippinane på den andre sida av jordkloten. Cuba vart gjort til ein sjølvstendig republikk, men vart underlagt det såkalla Platt-tillegget, som gav USA rett til å gripa inn i cubanske forhold. Denne retten til å intervenera på Cuba vart flittig brukt i tiåra som følgde.

I 1904 kunngjorde president Theodore Roosevelt at svakheit eller uhøveleg framferd «som fører til at samfunnslivet blir oppløyst, kan...krevja at ein sivilisert nasjon grip inn» og at Monroedoktrinen kunne tvinga Sambandsstatane «i flagrante tilfelle til å utøva internasjonal politimyndigheit». Då San Domingo året etter fekk problem med å betala dei europeiske kreditorane, greip USA inn, reformerte økonomien og beslagla halvparten av tollinntektene for å betala statsgjelda. Roosevelt uttalte i det som vart kjent som Roosevelt sitt tillegg til Monroedoktrinen at Sambandsstatane ikkje kunne tillata at europeiske statar å intervenera i Amerika for å inndriva gjeld så måtte det sjølv gripa inn for å den siviliserte verda sine investeringar. I tida etterpå praktiserte USA sitt dollardiplomati og interverte med militære eller andre middel rundt det Karibiske havet og i Mexico.

Hawaii, tidlegare kalla Sandwichøyane, hadde amerikansk kapital utvikla ein omfattande sukker- og ananasindustri. Då dronning Liliuokalani på 1890-talet prøvde å føra ein nasjonal politikk, vart ho styrta av dei amerikanske interessene. Dei oppretta ein sjølvstendig republikk, som USA annekterte i 1898.

Ved starten av 1900-talet hadde Sambandsstatane ein omfangsrik interessesfære i Amerika, strategiske og økonomiske støttepunkt i Stillehavet, ein aktiv politikk i det fjerne aust, og ein veksande flåte, og var blitt ei av stormaktene i verda.

USA sin utanrikspolitikk på 1900-talet[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]