Víctor Jara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Víctor Lidio Jara Martínez (28. september 193215. september 1973) var ein chilensk pedagog, teaterdirektør, poet, folkesongar/tekstforfattar og politisk aktivist. Han var framståande i den chilenske «Nueva canción»-rørsla ('ny song-rørsla') som var markant under den sosialistiske regjeringa til Salvador Allende. Han blei myrda på tragisk og brutalt vis kort tid etter kuppet i Chile i 1973, noko som førte til at Jara og musikken hans blei eit symbol for kampen mot militær undertrykking og urettferd i Latin-Amerika.

Jara blei fødd i Chillán Viejo, sør for Santiago. Han var sterkt prega av chilensk og anna latinamerikansk folklore, samt artistar som Violeta Parra og Atahualpa Yupanqui, og poeten Pablo Neruda. Han lanserte det første albumet sitt i 1966, og i 1970 slutta han på teateret og satsa for fullt på musikken. Han støtta Salvador Allende sin presidentvalkamp og venstrealliansen «Unidad Popular» og hjelpte til med frivillig arbeid, i tillegg til at han heldt ein del gratiskonsertar.

Songaren og aktivisten Victor Jara si grav på hovudkyrkjegarden i Santiago i Chile

12. september 1973 blei Jara tatt til fange av militære styrkar saman med tusenvis av andre. Fangane, mellom dei Jara sjølv, blei torturerte på det grovaste, og det har seinare kome fram at soldatar skal ha knust fingrane hans, tvunge han til å spele russisk rulett, for så – etter at han var skoten i tinningen – å skyte han 44 gongar med ein maskinpistol.[1] Jara døydde den 15. september 1973.

Víctor Jara var ei viktig inspirasjonskjelde for ei rekkje skadinaviske visesongarar på 1970-talet. I 1977 gav Cornelis Vreeswijk ut ei plate med songar av Víctor Jara, omdikta til svensk. Lillebjørn Nilsen og Mikael Wiehe har begge skrive minnesongar som heiter Victor Jara.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

.

Fotnotar

  1. Jon Magnus (26. juni 2009) «Myrdet i russisk rulett» – Verdens Gang, nr. 171, s. 22.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]