Vakteltrastar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vakteltrastar


Flekkvakteltrast, Cinclosoma punctatumFoto: Lip Kee Yap
Flekkvakteltrast, Cinclosoma punctatum
Foto: Lip Kee Yap

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Cinclosomatidae
Slekter
Vitskapleg namn
Cinclosomatidae
Mathews, 1921-1922

Vakteltrastar er ei gruppe av sporvefuglar avgrensa til Australia og nærliggande område. Etter Clementslista versjon 6.5 frå desember 2010 [1] tar familien Cinclosomatidae med vakteltrastar som inkluderer slekta Cinclosoma med fem artar av bakkelevande fuglar i Australia og Ny-Guinea og slekta Ptilorrhoa med tre artar i regnskogen i Ny-Guinea.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Vakteltrastar er middels store songfuglar, 17-28 cm i lengd.[2][3] Dei har sterke bein og nebb. Kjønna har ofte ulike teikningar i fjørdrakta. Cinclosoma-artane er i stor grad brune på oversida, farga er varierande for å gje kamuflasje mot jorda, men er meir dristig markert med svart og kvitt på undersida.[3] Ptilorrhoa-artane har vanlegvis omfattande blått i fjørdrakta.[2] Dei fleste artane har høge, særeigne songar.[4]

Cinclosoma-artane finst på Ny-Guinea og dei nærliggande øyane Yapen, Batanta, Misool og Salawati.[2] Dei finst i skog, generelt separert i ulike høgder. Gulaugevakteltrast er òg funnen i skogane på Ny-Guinea.[2] Dei andre vakteltrastane er avgrensa til Australia der dei er funne i tørrare habitat, i open skog, kratt og på steingrunn.[3] Ingen av artane er antatt å vere trua.

Dei er terrestriske fuglar som flyg ganske svakt, og føretrekker å sitje ned eller springe når dei blir forstyrra.[5] Dei beitar på bakken hovudsakleg på insekt og andre virvellause dyr.[4] I ørkenen kan vakteltraster òg ete frø.[5]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Synet på kva familien femnar om er under endring og skil seg frå ein taksonomisk autoritet til ein annan. Dette reflekterast i sjekklister og publikasjonar. Handbook of the Birds of the World, band 12 frå 2007, tar med vakteltrastar i familien Eupetidae: Eupetes, Cinclosoma, Ptilorrhoa, Androphobus, Psophodes, Melampitta og Ifrita[6]

Seinare forsking viste at riksetrast, Eupetes macrocerus, ikkje er nært knytt til vakteltrastar som ein tidlegare trudde, Eupetidae blei splitta opp,[7] og dei åtte vakteltrastane i Cinclosoma og Ptilorrhoa er etter det familien Cinclosomatidae.

Vakteltrastar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.5 frå desember 2010 [1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [8]

Slekt Cinclosoma

Slekt Ptilorrhoa

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (20. desember 2010) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.5, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%206.5.xls/view, henta 2. januar 2011 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Coates, Brian J. & William S. Peckover (2001), Birds of New Guinea and the Bismarck Archipelago: a photographic guide, Dove Publications, Alderley, Australia.
  3. 3,0 3,1 3,2 Pizzey, Graham & Frank Knight (1997) Field Guide to the Birds of Australia, HarperCollins, London, UK.
  4. 4,0 4,1 Perrins, Christopher, ed. (2004) The New Encyclopedia of Birds, Oxford University Press, Oxford.
  5. 5,0 5,1 Roberson, Don (2004) Quail-thrushes Cinclosomatidae, Bird Families of the World. Accessed 4 January 2010.
  6. Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D., ed (2007). Picathartes to tits and chickadees. Handbook of the Birds of the World. Band 12. Barcelona: Lynx edicions. ISBN 978-84-96553-42-2. 
  7. Om splitt av Eupetidae i oppdateringar til Clementslista desember 2009 under overskrifta Pages 513-514, Whipbirds and Quail-thrushes (Eupetidae)
  8. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]