Riksetrast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Riksetrast

Status i verda: NT Nær truga

Riksetrast
Riksetrast

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Eupetidae
Slekt: Eupetes
Art: E. macrocerus
Namn på andre språk
Vitskapleg namn
Eupetes macrocerus

Riksetrast (Eupetes macrocerus) er ein merkeleg, riksefuglliknande sporvefugl, brun med svarte og kvite striper på hovudet, og med habitat på skogbotnen i urskogMalayahalvøya og Sumatra, og dessutan på Borneo. Arten kan vere fjernt i slekt med dei afrikanske kråkeliknande fuglane klippehopparar. Populasjonen er sterkt redusert fordi mykje av låglandsurskogen er tapt, og sekundære skogar har vanlegvis for tett botnvegetasjon eller ikkje tilbyr nok skugge til å vere gunstig for arten. Men han er framleis lokalt vanleg i område med nedhogd skog eller i skogen i bakkeskråningar, og er ikkje rekna som direkte truga for utrydding. Arten er dårleg kjent og sjeldan sett, mest grunna den skjerre åtferda deira.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Meiningar om den taksonomiske plasseringa for riksetrasten har variert over tid. I ein tidleg periode var han plassert i timalfamilien, Timaliidae. Seinare, og fram til nyleg, var han trudd å vere i slekt med ei gruppe som inkluderte australske vakteltrastar og mulgatrastar, og plassert i familien Cinclosomatidae.

Jønsson et al. (2007)[1] hevdar at ein nærare rett plassering av denne arten er å sjå riksetrasten som mest knytt til afrikanske klippehopparar, Chaetops, ei anna tidleg grein av oscine sporvefuglar. Såleis er riksetrasten meir korrekt plassert i ein monotypisk familie, Eupetidae. Eupetidae er den eine av berre tre fuglefamiliar som er heilt avgrensa til den orientalske biogeografiske regionen.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Artsteikning frå 1838.

Riksetrasten er ein mellomstor, ganske slank songfugl, ca. 28-30 cm i lengd, og han veg 66-72 gram.[2] Han har ein lang tynn hals, langt svart nebb, lange bein og ein lang hale. Fjørdrakta er hovudsakleg brun med ei meir raudleg panne, krone og hals. Han har ei lang, svart augestripe som strekkjer seg ned til sidene av halsen, og ein brei, kvit augebryn over den svarte stripa. Det er ei stripe av naken, blå hud på sida av halsen som kan sjåast når fuglen gjer læte. Ungfuglane er lik dei vaksne, men har meir uklåre farger i stripene på hovudet, ein kvitaktig hals og gråare buk.[2][3]

Dei har eit langt, monotont plystrande læte. Når dei er oppøste, gjev dei ein serie av froskeliknande tonar.[2][3]

Arten lever på Malayahalvøya i sørlege Thailand og Malaysia og på Dei store Sundaøyane Sumatra, Borneo og på Natunaøyane.[2][3] Dei finst hovudsakleg i høg, låglandsskog, men òg i sumpar. Dei kan nokre gonger finnast i lågare alpine skogar opp til ca. 1060 moh. i Malaysia og til 900 m på Sumatra og Borneo. Bestanden blir trudd å vere avtakande på grunn av tap og degradering av skog og arten er klassifisert som nær truga.[4]

Det er ein lite tillitsfull og sky fugl som lever mykje skjult på skogbotnen. Han rører seg som ei rikse, rykkjer med hovudet som ei høne, og han føretrekkjer å springe i staden for flyge når han blir forstyrra.[2][3] Han lever hovudsakleg av insekt, inkludert sikadar og biller, edderkoppar og makk. Når dei beitar det vil dei slå etter byttedyra.[2][5]

Hekkebiologien til riksetrasten er lite kjent. Egga blir lagt rundt januar og februar, og flygande ungekull har vore observert i juni. Reiret har vore skildra å vere plassert nær bakken på ein haug med daudt bladverk blant stilkane til ei plante, rundt 30 cm opp frå bakken. Reiret er laga av plantefiber og er skålforma. Kullet er på to kvite egg utan flekker.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jønsson, K.A., J. Fjeldså, P.G.P. Ericson, and M. Irestedt. 2007. Systematic placement of an enigmatic Southeast Asian taxon Eupetes macrocerus and implications for the biogeography of a main songbird radiation, the Passerida Biology Letters 3(3):323-326
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Robson, Craig (2002) A Field Guide to the Birds of South-east Asia, New Holland, London.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 MacKinnon, John & Karen Phillipps (1993) A Field Guide to the Birds of Borneo, Sumatra, Java and Bali, Oxford University Press, Oxford.
  4. BirdLife International 2013
  5. 5,0 5,1 Boles, W. (2007). «Family Eupetidae (Jewel-babblers and allies)». I Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D.. Picathartes to tits and chickadees. Handbook of the Birds of the World. Band 12. Barcelona: Lynx edicions. ISBN 978-84-96553-42-2. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Riksetrast