Vanleg bjørnemose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Polytrichum commune


Foto: Michael Becker

Foto: Michael Becker

Systematikk
Rike: Plantar
Rekkje: Bryophyta
Klasse: Polytrichopsida
Underklasse: Polytrichidae
Familie: Polytrichaceae
Slekt: Polytrichum
Art: P. commune
Vitskapleg namn
Polytrichum commune

Vanleg bjørnemose (Polytrichum commune) er den største og vanlegaste bjørnemosearten i Skandinavia.

Mosen veks i store, lause tuer med 10-30 cm lange ugreina stenger. Blada er 8-12 cm lange med ein glinsande nederdel som sluttar seg om stengelen. Sporekapselen sit på en 6-12 cm lang stilk, og før han er moden, har han ei lang gulbrun hette med frynser.

Vanleg bjørnemose er vanleg på myr og på fuktig og sur skogsmark. Han er nøysam.

Andre bjørnemoseartar i Noreg er

  • P. formosum Kyst-bjørnemose
  • P. gracile Brem-bjørnemose
  • P. urnigerum Krukkemose
  • P. juniperinum Einermose
  • P. alpestre eller P. strictum Filt-bjørnemose
  • P.piliferum Rabbe-bjørnemose
  • P. norvegicum = P. sexangulare Snø-bjørnemose

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Umodne sporekapslar
Foto: Arnstein Rønning
Modnare sporekapslar
Foto: Arnstein Rønning

Tradisjonelt har bjørnemose vorte brukt til å lage små soplimar av. Eit knippe bjørnemose kunne då verte lagt rundt eit langt skaft og surra fast med hyssing eller bjørketæger. Slike soplimar vart brukt til reingjering av hus. Mellom anna har dei vorte brukte til fjøsvask. Desse soplimane måtte haldast fuktige.

Elles kunne dei verte brukte til gryteskrubb, til å koste oske og kolstykke ut or bakaromnen når brød skulle inn , og til å gjere bakstehella rein under flatbrødbaking.

Bjørnemosen har vorte brukt til husdyrfor. Særleg har sporekapslane vorte rekna som næringsrike. Born har og mange stader ete desse sporehusa.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Namnet bjørnemose kjem truleg av folketradisjonen om at bjørnen brukar å sanke saman denne mosen til hiet sitt.

Sjølv om dette namnet er kjend over heile Noreg, har og andre lokale namn vore vanlege:

Hestemose, staurmose (på grunn av storleiken)

Sopemose, ryvippmåssa (den vart brukt til soplime)

Musåker, gaukemat, gaukekonn, kråkehavre og liknande (på grunn av sporehusa)

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]