Veøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Veøya
Veøya, sett frå aust. Den gamle melomalderkyrkja kan skimtast til høgre på bilete.
Veøya, sett frå aust. Den gamle melomalderkyrkja kan skimtast til høgre på bilete.
Geografi
Norway - Veøya.png
Stad Romsdalsfjorden
Koordinatar 62°40′15″N 07°25′36″EKoordinatar: 62°40′15″N 07°25′36″E
Areal 1,1 km²
Høgaste punkt 76 moh.
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Demografi
Folketal 0
Prestebustaden på Veøya, seinare bustad for William Coucheron Aamot. Fråflytta.
Interiør og altertavle, Veøy gamle kyrkje. 1967.

Veøy eller Veøya er ei lita øy i Romsdalsfjorden i Møre og Romsdal, i Molde kommune. Øya var det første landskapsvernområde i landet og bygningane er i dag eigd av Romsdalsmuseet.

Veøy er òg namnet på ein tidlegare kommune som omfatta øya.

Ordet er norrønt for «heilagdom».

Øya låg strategisk plassert som eit knutepunkt for båttrafikken i vikingtida. Vikingskipa gjekk sjeldan over Hustadvika, men gjekk heller ei indre lei inn Romsdalsfjorden og vidare inn til dagens Åndalsnes dersom ein skulle til Austlandet eller inn Langfjorden dersom ein skulle vidare nordover mot Nidaros. Midt i dette skjeringspunktet ligg Veøya, og plassering førte til at det oppstod ein kaupang der, Romsdals første tettstad, eit økonomisk, administrativt og religiøst sentrum.

Veøya vert nemnd av Snorre i samband med Slaget ved Sekken i 1162 der kong Håkon Herdebrei fall mot Erling Skakke. Kaupangen hadde på det meste rundt 300 innbytggjarar, men vart mindre viktig mot slutten av mellomalderen.

På Veøya bur det ikkje lenger folk. Dei gjenståande bygningane på øya er Veøy gamle kyrkje og tilhøyrande prestegard. Prestebustaden var seinare bustad for familien William Coucheron Aamot. Veøy gamle kyrkje er ei mellomalderkyrkje, ho er framleis i bruk som kyrkje enkelte dagar i året, som i pinsen. Kyrkjestaden med presteboligen er eigd av Romsdalsmuseet. Den nye Veøy kyrkje står på Sølsnes rett over sundet.

Arkeologiske utgravingar[endre | endre wikiteksten]

Arkeologiske utgravningar på Veøy 1990-1992 leia av Brit Solli avdekte leivningar frå seint på 1100- og tidleg på 1200-talet. Av funna er ein gullring med ein inskripsjon som mogelegens skal tolkast Eric entre amis et je suis drue amie, A.M. («Erik mellom vener, og eg er trufast veninne, Ave Maria».)

Tusen år - ein sommardag[endre | endre wikiteksten]

Forfatteren Edvard Hoem skreiv eit teaterstykke i samband med Molde sitt 250-årsjubileum i 1992. Stykket Tusen år - ein sommardag vart framført på Veøy, og Hoem brukte ringen som gjennomgangstema.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.