Veghøvel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
HBM-Nobas veghøvel i arbeid.

Veghøvel er ei anleggsmaskin som vert nytta for å fordela og planera masse[1]. Dei vert òg nytta for snørydding og for å fjerna is om vinteren.

Maskinene har motor og førarhus bak og skjeret er montert under ein lang bom som går frå den bakre delen til framakselen. Det er vanleg med boggi bak, med drift på begge akslingane[1]. I tillegg til skjeret under hovudbommen er det vanleg med eit frontskjer, slik at ein kan utføra to arbeidsoperasjonar samstundes. Av og til vert det i tillegg montert eit riveliknande skjer bak maskina. I tillegg til styring på framakselen har mange maskinar rammestyring mellom bommen og driveininga, slik at bakenden kan styrast utover i sving. Dette gjer det muleg å arbeida i skarpe svingar, som til dømes i rundkøyringar og krappe svingar

Soge[endre | endre wikiteksten]

Ein Twin City 25 som trekkjer ei vegskrape i Nordakota rundt 1918.

Veghøvlane utvikla seg frå hestedregne vegskraper, som opphavleg var laga av tre. Då traktorar vart tilgjengelege vart dei etter kvart nytta for å trekkja vegskraper. På grunn av den større trekkrafta måtte sterkare skraper av stål verte tekne i bruk.

Mange av dei fyrste sjølvgåande veghøvlane var bygde opp rundt motor og drivverk henta frå landbrukstraktorar[2]. Etter kvart vart maskinene bygde som veghøvlar frå grunnen av.

Produsentar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 König, H., Maskinen im Baubetrieb, 2. utg., Vieweg+Teubner Verlag, 2008.
  2. Hedell, O., Från Munktells till Valtra - en 75-årig traktorepok, LRF Media, 2000.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]