Traktorgravar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fig. 1: Rammestyrt traktorgravar: Huddig
Fig. 2: Rammestyrt traktorgravar: Hydrema.
Fig. 3: Mange moderne traktorgravarar kan flytta maskina sidelengs, slik at det vert lettare å grave tett innåt veggar, som denne JCB-maskina.
Fig. 4: Hidromek traktorgravar.

Traktorgravar er ein robust traktor med bakmontert gravemaskin og frontlastar. Dei skil seg frå landbrukstraktorar med at dei har ein meir robust byggemåte. Skilnadane i høve til rundtsvingande gravemaskiner er at traktorgravarar er utstyrte med frontlastar og at den horisontale arbeidsvinkelen er avgrensa til om lag 180°.

Byggemåte[endre | endre wikiteksten]

Traktorgravarar er oppbygde med ein hydraulisk manøvrert hovudbom, med ein mindre hydraulisk manøvrert vippebom på enden. På enden av vippebommen sit skuffa, som òg vert operert med ein hydraulisk sylinder. Hovudbommen kan dreiast til sida, som vist i figur 2. For at traktoren skal stå stødig under gravearbeidet er dei utrusta med hydraulisk manøvrerte støttelabbar, figur 3.

Traktorgravarar vert ofte nytta til mindre arbeid i samband med vegarbeid, på byggeplassar, og liknande. Ofte er det viktig å vera i stand til å grava tett inntil veggar og murar. Mange mindre traktorgravarar er difor utstyrte med hydraulisk sidevegs forflytting av graveaggregatet, som vist i figur 3.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Dei fyste traktorgravarane var monterte på ei vogn som vart slepa etter traktoren og vart opererte med vinsjar og ståltau. På 1950-talet vart det vanleg med hydraulisk opererte bakmonterte gravemaskinar.

I Noreg var det både importerte og norskproduserte traktormonterte gravemaskinar i sal. Eikmaskin AS i Stavanger produserte gravemaskiner og frontlastarar under varemerket Sesam og HamjernHamar produserte i fleire år gravemaskiner for traktor. Hymas-maskinene var òg populære og hadde ein stor marknadsdel.

1950-talet var det vanleg å utstyra traktorgravarar med frontmontert skjer, som kunne nyttast for attfylling av grøfter, flytting av jord- og steinmassar, o.l. På 1960-talet vart det meir vanleg med kraftige frontlastarar, som i tillegg kunne nyttast for å lessa jord- og steinmassar på lastebilar og traktortilhengarar, eller for transport over korte avstandar.

Utover 1960-talet tok mange traktorprodusentar til med å levera forsterka industriversjonar av jordbrukstraktorane sine. Det var i fyrste rekke akslingar og dekk som var kraftigare enn på jordbrukstraktorane, med det var òg vanleg å utstyra industritraktorane med beskyttelsesplater, hydraulisk hjelpestyring, innkledde førarhus, arbeidsljos, osb. Mange industritraktorar vart òg leverte med hydrodynamiske dreiemomentomformarar og hydraulisk manøvrerte snøggir. Fleire traktorprodusentar leverte traktorgravarar baserte på slike industritraktorar. Desse vart etter kvart meir og meir spesialiserte og utvikla seg etter kvart til dagens moderne traktorgravarar. I dag er så godt som alle traktorgravarane bygde for føremålet heilt frå starten av. Det er vanleg med firehjulsdrift og medan somme er utstyrte med rammestyring, som Huddig-maskina vist i figur 1, har andre framhjulstyring, som Hidromek-maskina vist i figur 4.

Det finst framleis nokre mindre bakmonterte gravemaskiner tilpassa jordbrukstraktorar på marknaden. Dette er små maskiner monterte i trepunktsopphenget til traktoren. Dei er konstruerte for å utføra lettare gravearbeid, som det ikkje svarar deg å nytta større maskiner til.

Bruksområde[endre | endre wikiteksten]

MTZ Belarus traktorgravar.

Dei fyrste traktorgravarane vart for det meste nytta til grøfting og lettare planeringsarbeid. Etter kvart vart dei teke i bruk til vegarbeid, tomtegraving, o.l. Andre viktig arbeidsoppgåver har vore dyrkingsarbeid, grøfting av myr for å auka tilveksten av skog, opparbeiding av skogsvegar, osb. På 1950-talet vart mange traktorgravarar utstyrte med halvbelte, noko som auka framkomlegheita i terrenget og auka bereevna på myr. Halvbelta hadde nokre ulemper, som dårlegare manøvreringsevne og auka slitasje på bremsane på grunn av at det var naudsynt å nytta styrebremsane. Då det mot slutten av 1960-talet vart vanleg med firehjulsdrift vart det difor slutt på å nytta halvbelte.

Traktorgravarar kan ikkje konkurrera med sjølvgåande gravemaskinar for større arbeidsoppgåver, men for mindre oppgåver der større maskiner ofte ikkje kjem til er dei konkurransedyktige. Kombinasjonen med bakmontert gravemaskin og frontlastar gjev dei òg ein føremon i mange samanhengar. Dessutan er dei lette å flytta frå plass til plass. Dei møter likevel sterk konkurranse frå små rundtsvingande gravemaskiner på hjul.

Ekstrautstyr[endre | endre wikiteksten]

Det vert produsert mange forskjellige spesialskuffer til traktorgravarar: smale skuffer for legging av kabel, breie planeringsskuffer, skuffer med rist i botnen for fjerning av stein, vridbare skuffer, osb. Slaghammarar vert òg ofte monterte på traktorgravarar.

Produsentar[endre | endre wikiteksten]

Noverande produsentar[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare produsentar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Traktorgravar