Verdscupen i skihopping 1981

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdscupen i skihopping 1981 omfatta 24 tevlingar. Turneringa, den andre i sitt slag, tok til med storbakkerennet 30. desember 1980 i Oberstdorf i dåverande Vest-Tyskland og vart avslutta i storbakken i Planica i dåverande Jugoslavia 22. mars 1981. Dei 24 tevlingane fordelte seg på 8 i normalbakkar, 14 i storbakkar og 2 i skiflyging, skiflygingstevlingane fann stad i Ironwood i USA.

Armin Kogler frå Austerrike sikra seg den store FIS-premien, trass i at han vann berre tre av hopprenna. Nordmannen Roger Ruud vann fem renn og kom på andreplass i turneringa. I tevlinga for landslag sigra Austerrike med 983 poeng, fattige 3 poeng framom Noreg.

Individuelt[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Armin Kogler  Austerrike 205 3
2 Roger Ruud  Noreg 201 5
3 Horst Bulau  Canada 179 2
4 Hubert Neuper  Austerrike 166 2
5 Jari Puikkonen  Finland 162 4
6 Johan Sætre  Noreg 142 1
7 Hans Wallner  Austerrike 127 1
8 Per Bergerud  Noreg 124 1
9 Ivar Mobekk  Noreg 91
10 Pentti Kokkonen  Finland 90
11 Alois Lipburger  Austerrike 88 2
12 Ole Bremseth  Noreg 81
13 Primož Ulaga  Jugoslavia 66 1
14 Andreas Felder  Austerrike 60
15 Steve Collins  Canada 59
16 Jon Eilert Bøgseth  Noreg 58
17 Dag Holmen-Jensen  Noreg 53 1
18 Kari Ylianttila  Finland 50
19 John Broman  USA 49 1
20 Fritz Koch  Austerrike 46
21 Tom Levorstad  Noreg 41
22 Klaus Tuchscherer  Austerrike 40
23 Pjotr Sunin  Sovjetunionen 36
24 Alfred Groyer  Austerrike 32
25 Vladimir Tsjernjajev  Sovjetunionen 32

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken 81-82. Dreyer Bok Stavanger. 1981.