Vigrestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vigrestad
Geografi
Kommune
Fylke Rogaland
Folkemengd[1] 1 970 (2012)
Folketettleik 1 492,4 /km²
Areal[1] 1,32 km²
Annan informasjon
Ferdselsårer Jærbanen
Postnummer 4362 VIGRESTAD
Preposisjon Vigrestad
Kart
Vigrestad is located in Rogaland
58°34′10″N 5°41′43″EKoordinatar: 58°34′10″N 5°41′43″E

Vigrestad er ein tettstad i Hå kommuneJæren. Kring Vigrestad er det mykje landbruk. I tettstaden er det noko industri. Vigrestad er ein stasjon på jarnbanen Jærbanen. Det har vore togstasjon på Vigrestad frå 1878, då Jærbanen opna. I starten voks tettstaden fram kring togstasjonen. Toget mellom Oslo og StavangerSørlandsbanen køyrer forbi Vigrestad, men stoggar ikkje der. Vigrestad stasjon ligg 49,22 kilometer frå Stavanger og 549,75 kilometer frå Oslo langs Sørlandsbanen. Stasjonen ligg 32,6 meter over havet. Vigrestad er ein skulestad med barneskule og storskule.

Kjente personar frå Vigrestad[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2012.
Spire Denne Rogalandartikkelen som har med geografi å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.