Vingulmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Oslofjorden og Vingulmark slik namn og grenser var under mellomalderen.

Vingulmark (norrønt Vingulmǫrk) var det gamle namnet på eit småkongedømme og seinare jarledømme i norrøn tid og i mellomalderen i området rundt Oslofjorden. Vingulmark var eit av dei fire fylka under Borgartingslova som til saman utgjorde det gamle landskapet Vika. I dag er namnet Vingulmark ikkje i bruk. Det gamle Vingulmark omfatta det som i dag er Austfold, Follo, Oslo, Asker, Bærum, Røyken og Hurum, og ein periode dessutan Eiker og Lier, som elles høyrde til Vestfold. Ved inndelinga av landet i sysler vart Vingulmark delt i Oslosysle og Borgarsysle.

Første ledd i namnet, Vingul, er noko uvisst. Det kan vere eit eldre namn for den innste delen av Oslofjorden frå før vikingtid av ukjent innhald, eller det kan ha samanheng med «vingle» i tydninga «svinge», «bøye ustøtt».[1] Den opphavlege tydinga på namnet kan ha vore meint i overførd tydning, på norrønt har vingul tydinga 'hestefallos'. Stadnamnet kan då peike tilbake på kva landskapet likna på, eksempelvis den delen av Oslofjorden.[2]

Siste ledd i namnet, mark eller mork, hadde også frå gamal norrøn tid (tidleg jernalder) tydning grense, merke som grenseområde mellom bygder. Truleg var ei slik mark som skilte dei to delane av det landskapet som i dag er kalla Austfold.[3]

Snorre Sturlasson skriv i Heimskringla at Harald Hårfagre arva gjennom anna Vingulmark etter sin far Halvdan Svarte, som han forsvarte ved å bekjempe kong Gandalv, som tidlegare hadde hatt halve Vingulmark, og hans sønn Hake.[4][5]

Nokre av dei kjente småkongar i Vingulmark er:

Etter Harald Grenske er det neppe rimeleg å snakke om Vingulmark som eit småkongedømme. Snorre nemnar at Håkon jarls sønn Eirik Håkonsson fekk Vingulmark som jarldømme.

Referanse[endre | endre wikiteksten]

  1. Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon. Samlaget 1976; og Asgaut Steinnes: Husebyar, 1955.
  2. Vingul, akkusativ for vingull, har ei innhaldsforskuving i moderne islandsk, og tyder et ubesluttsamt menneske.
  3. Sandnes og Stemshaug tolkar mork som 'mark, skog', og skriv (under Hedmark) at «sisteleddet mork må før rikssamlinga ha vore knytt til laust organiserte folkeland eller smårike i utkantane av dei større, samla busetnadsområde (→ Telemark, Vingulmark)».
  4. heimskringla.no: Halvdan Svartes saga
  5. heimskringla.no: Haraldssaga

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

  • Ranrike – eit anna norsk stadsnamn ikkje lenger i bruk