Vitskap i 1954
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Vitskap i 1954 |
| vitskapsår |
| 1952 | 1953 | 1954 | 1955 |
| Humaniora og kultur Arkeologi | Arkitektur | Film | Kunst | Litteratur | Lyrikk | Musikk | Radio | Teikneseriar | Teater | TV | |
| Samfunnsvitskap og samfunn Aviser | Konfliktar | Krigar | Politikk | Sport | Økonomi |
| Teknologi og vitskap Polarhistorie | Meteorologi | vitskap |
| Land Danmark |
Vitskapsåret 1954 er ei oversikt over hendingar, prisvinnarar, fødde og døde personar tilknytte vitskap i 1954.
Innhaldsliste |
Hendingar [endre]
Astronomi [endre]
- 30. juni - Ei total solformørking fann stad sør og midt i Sverige og vart sett av mange hundretusen menneske gjennom sota bitar av glas[1]. I Sverige var det berre idellt vêr på Gotland [2], og formørkinga varte i 151 sekunder. Neste gang det skjer i Sverige blir i 2126.
- 30. november - I Sylacauga i Alabama, fall ein 4 kilos sulfidmeteoritt gjennom eit tak og trefte Elizabeth Hodges medan ho er i stova si og gav ho kraftige blåmerke. Steinen trefte først radioen hennar før han spratt på henne; dette er det første kjente tilfelle i moderne tid at eit menneske er treft av ein stein frå rommet.
Biologi [endre]
- 10. januar - Den siste stadfesta kaspitigeren vart drepen, i dalen ved Sumbarelva i Kopet Dag-fjella i Turkmenistan.[3]
Ukjend dato [endre]
- Daniel I. Arnon demonstrerte i laboratoriet den kjemiske funksjonen i fotosyntese i kloroplast.[4][5]
- Eduard Paul Tratz og Heinz Heck foreslo artsnamnet bonobo på det som tidlegare var kjent som "pygmésjimpanse".[6]
Kjernefysikk [endre]
- 1. mars - USA gjennomførte ei prøvesprenging av ei hydrogenbombe på Bikiniatollen i Stillehavet.
- September - CERN vart grunnlagd av 12 europeiske statar.[7]
Ukjend dato [endre]
- Det første kjernekraftverket starta i Obninsk.
Matematikk [endre]
- Leonard Jimmie Savage publiserte Foundations of Statistics, der han fremja bayesiansk statistikk.
Medisin [endre]
- 23. februar - Dei første massevaksinasjonane mot polio av barn starta i Pittsburgh, Pennsylvania.
- Dei første organtransplantasjonane vart utført i Boston og Paris.
- 23. desember - Joseph Murray ved Peter Bent Brigham Hospital i Boston gjennomførte den første vellukka nyretransplantasjonen. Den vart utført på to einegga tvillingar.[8]
- Salet av den første av antipsykotiske fentiazin legemidler, Klorpromazin, starta under handelsnamna "Thorazine" (Amerika) og Largactil (Storbritannia).
Psykologi [endre]
- Den populærvitskaplege boka Man Meets Dog vart publisert av Konrad Lorenz.
Teknologi [endre]
- 7. januar - Georgetown-IBM eksperiment: den første offentlege demonstrasjonen av eit maskinomsetjingsssystem vart synt i New York ved hovudkvartaret til IBM.
- 17. mai - Ei veke med prøvesendingar med fjernsyn vart innleia frå Tekniska högskolan i Stockholm.
- 30. september - Ubåten USS «Nautilus» (SSN-571), det første atomdrivne skipet, vart bestilt av Den amerikanske marinen.
vitskapshistorie [endre]
- Joseph Needham starta utgjevinga av Science and Civilisation in China (Cambridge University Press).
Prisvinnarar [endre]
- Brinellmedaljen: John Chipman
- Copleymedaljen: Edmund Whittakar
- Darwinmedaljen: Edmund Brisco Ford
- Fieldsmedaljen: Kunihiko Kodaira og Jean-Pierre Serre (den sistnemnte er den yngste vinnaren nokonsinne, 27 år gamal)
- Nobelprisen: [9]
- Wollastonmedaljen: Leonard Johnston Wills [10]
Fødde [endre]
- 20. juni - Ilan Ramon, israelsk astronaut (død 2003)
Døde [endre]
- 7. mars - Otto Diels, tysk kjemikar, nobelprisvinnar i 1950 (fødd 1876)
- 10. april - Auguste Lumière, fransk oppfinnar, filmpioner (fødd 1862)
- 7. juni - Alan Turing, engelsk matematikar og informatikar (sannsynlegvis sjølvmord) (fødd 1912)
- 29. november - Enrico Fermi, italiensk-amerikansk fysikar (fødd 1901)
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Vitenskapsåret 1954» frå Wikipedia på bokmål, den 16. februar 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ 20:e århundrades När Var Hur - 1977, Bernt Himmelstedt, Forum, 1999
- ↑ Sverige 1900-talet – 1954, NE, Bra Böcker, 2000
- ↑ Dement'yev and Rustamov (1985). The Red Data Book of Turkmenistan. Ashgabat: Turkmenistan Publishing House.
- ↑ Arnon, Daniel I.; Allen, Mary B.; Whatley, F. R. (1954). «Fotosyntese av isolerte kloroplaster». Nature 174: 394-6.
- ↑ Laurence, William L. (30. desember 1954). «Solen utnyttes til å skape mat: Forskerteam ved kysten dupliserer fotosyntesen utenfor plantenes celler». The New York Times.
- ↑ de Waal, Frans B. M., ed (2002). Tree of Origin: What Primate Behavior Can Tell Us About Human Social Evolution. Cambridge, Mass: Harvard University Press. s. 51. ISBN 0674004604.
- ↑ «1954: Grunnleggelse for europeisk forskning». CERN. 2008. http://public.web.cern.ch/public/en/About/History54-en.html. Henta 28. februar 2011.
- ↑ «Donor for den første vellukka organtransplantasjon døyr 56 år seinare». The Huffington Post. 29. desember 2010. http://www.huffingtonpost.com/2010/12/29/donor-in-1st-successful-t_n_802379.html. Henta 2011-03-15.
- ↑ Nobelprisen. Vitja 10. april 2011.
- ↑ Geological Society. Vitja 14. april 2011.