Vladimir Asjkenazi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vladimir Asjkenazi (2007)

Vladimir Davidovitsj Asjkenazi, russisk: Владимир Давидович Ашкенази, (fødd 6. juli 1937) fødd i Gorkij og oppvaksen i Moskva, er ein pianist og dirigent av sovjetrussisk opphav med islandsk statsborgarskap, busett i Sveits frå 1978. Han har spelt inn musikk av ei uvanleg lang rekke komponistar og er særs kjend for sine tolkingar av Sergej Rakhmaninov og Aleksandr Skrjabin.

Vladimir Davidovitsj Asjkenazi er son av skodespelarinna Jevstolia Grigorievna (fødd Plotnova) av russisk bondeætt og den jødiske pianisten David Asjkenazi. Seks år gamal tok han til å spele piano, og synte seg som ein særs gåverik pianist. Åtte år gammal vart han teken opp ved musikkskulen i Moskva og deretter ved det vidgjetne Moskvakonservatoriet. Han vann annanpremien i Frédéric Chopin Internasjonale Pianokonkurranse i Warszawa i Polen i 1955 og fyrstepremie i Concours musical international Reine-Élisabeth-de-Belgique, ei prestisjefull konkurranse i Brussel i Belgia, i 1956.

Asjkenazi og hans islandske hustru, pianisten Thorun Sofia Johannisdottir (Þórunni Jóhannsdóttur), som inngjekk ekteskap i 1961, flytta i 1963 frå Sovjetsamveldet med deira fyrste barn for å slå seg ned i London, der foreldra hennar budde. I 1968 flytta familien til Island, og Asjkenazi vart islandsk statsborgar i 1972. Men på grunn av dei pliktene som som leiar for orkester i Europa la på Asjkenazi etter at han midtvegs i pianistkarrièren sin òg hadde byrja som dirigent, slo familien seg ned i Meggen i nærleiken av Luzern (Lucerne) i Sveits i 1978.

Spire Denne musikarartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.