Vorma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For elva Vorma i Vormedalen i Hjelmeland kommune sjå Vorma i Vormedalen


Vorma
elv
Vorma sett frå Eidsvoll. (Foto: Leif Knutsen)
Land  Noreg
Fylke Akershus
Kommunar Eidsvoll, Nes
Lengd 30 km
Kjelde Mjøsa ved Minnesund
Munning Glomma ved Årnes
Kart
Vorma
60°08′40″N 11°27′45″E / 60.144444444444°N 11.4625°E / 60.144444444444; 11.4625
Wikimedia Commons: Vorma

Vorma er ei elv som fraktar vatn frå Mjøsa til Glomma. Ho renn ut frå Mjøsa ved Minnesund og ut i Glomma om lag 30 kilometer lenger nede, ved Årnes. Elva går gjennom Eidsvoll og Nes kommune i Akershus.

Der Vorma renn saman med Glomma ligg den ti meter høge Funnefossen. I Vorma, sør for Eidsvoll, ligg Svanfossen, der vasstanden i Mjøsa blir regulert. Svanfoss sluse på 60 gonger 6 meter rundt Svanfossen blei opna i 1906.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Elva skal ha fått namnet sitt fordi ho er «varm», i og med at vatnet frå Mjøsa sjeldan frys medan fjellvatnet i Glomma og Gudbrandsdalslågen ofte gjer det.

Eidsvoll mellom Minnesund og Vorma er lett å koma til med båt, og var ein viktig tingstad i norrøn tid. Her blei mellom anna Eidsivating halde.

I 1795 sperra eit skred ved Disen elva i 111 dagar slik at folk kunne gå tørrskodd over. For å hindra flaum måtte ein grava ein kanal rundt rasmassen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]