Vulkanusasteroide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Vulkanoidane er ein hypotetisk asteroidepopulasjon mellom 0,08 og 0,21 astronomiske einingar frå sola, godt innanforbi bana til Merkur. Namnet kjem frå den hypotetiske planeten Vulkanus.

Charles Dillon Perrine var den første til å føreslå at det fanst ein vulkanuspopulasjon av asteroidar. Trass i meir enn hundre år med søk har ein enno ikkje funne nokon vulkanusasteroidar. NASA har gjennomført søk ved hjelp av F-18-fly og Black Brant-rakettar. Leitinga etter vulkanoidane vert svært vanskeleg sidan området ligg så nær sola. Dersom vulkanoidar eksisterer, kan dei ikkje vera større enn 60 km i diameter sidan tidlegare søk ville ha funne større objekt.

Det er spekulert i at vulkanoidane kan eksistera fordi området er gravitasjonelt-stabilt, samt at den tungt kratra overflata til Merkur hintar til at det eksisterte ein vulkanoidepopulasjon i det tidlege solsystemet.

I følgje David Vokrouhlicky, Paolo Farinella og William F. Bottke, Jr. vil ein eventuell vulkanoidepopulasjon etter som tida har gått, enten ha slått ned i Merkur eller blitt dregen inn i sola på grunn av Jarkowski-effekten. Dei spekulerer likevel i at ein mindre populasjon framleis kan eksistera.

Framtidige søk etter vulkanoidar vil sannsynlegvis bli gjort med små romteleskop som kan sjå svært nær sola. Indirekte bevis for vulkanoidar kan koma frå MESSENGER-sonden, som skal passera Merkur tre gonger før den går inn i bane rundt planeten.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Vulkanoidesøk når nye høgder hjå SPACE.com

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Smålekamar i solsystemet