Asteroidebeltet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Asteroidebeltet mellom banane til Mars og Jupiter.

Asteroidebeltet er eit område i solsystemet som ligg omtrentleg mellom planetane Mars og Jupiter. Her finn ein dei største konsentrasjonane av asteroidebanar. Det er ofte au kalla hovudbeltet når sett i forhold til andre konsentrasjonar av småplanetar, sidan desse au kan bli referert til som asteroidebelte.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Ein meiner at i dei fyrste hundreåra av historia til solsystemet blei planetar danna ved akkresjonar (oppsamlingar) av planetesimalar. Gjentatte kollisjonar førte til dei kjende steinplanetane og kjernane til gasskjempene.

Men i denne sona begrensa den sterke tyngdekrafta til Jupiter dei avsluttande trinna, og planetesimalane kunne ikkje danne ein enkel planet. I staden fortsette dei å gå i bane rundt sola som før. Sett i denne samanhengen kan asteroidebeltet bli sett på som ein relikvie av det primitive solsystemet, men mange observasjonar peikar på ein aktiv utvikling av dei fysiske forholda. Asteroidane sjølve er dermed ikkje noko spesielt urørte. Men, objekta i det ytre kuiperbeltet meiner ein har blitt lite endra sidan solsystemet blei danna.

Miljøet i asteroidebeltet[endre | endre wikiteksten]

I kontrast til den vanlege førestillinga er asteroidebeltet for det meste tomt. Asteroidane er spreidd over så stort område at det ville vore svært usannsynleg å treffe utan å sikte nøye.

Likevel er titals av tusenar asteroidar kjende i dag, og utrekningar på det totale talet er i millionklassen. Om lag 220 av dei er over 100 km store. Den største lekamen i asteroidebeltet er Ceres, som er ca. 1000 km på tvers. Den totale massen til asteroidebeltet er berekna til å vera 2,3·1021 kg (av dette utgjer Ceres over ein tredel). Massen til Pluto er større enn dette talet.

Det høge talet på asteroidar gir eit aktivt miljø, der kollisjonar er svært vanlege (sett i astronomisk samanheng). Ein kollisjon kan fragmentere ein asteroide i ei mengde små bitar (som kan danne ein ny asteroidefamilie) eller kan lime to asteroidar saman om kollisjonsfarten er låg. Etter fem milliardar år har det nåverande asteroidebeltet ingen likskap med det originale.

Asteroidebelte er eit kjennemerke på science fiction-historier som set drama før realisme sidan belta alltid er viste så tette at eventyrlege tiltak må settast inn for å unngå kollisjonar. Protoplanetar under danning kan nok sjå sånn ut, men ikkje asteroidebelte. I realiteten er asteroidane spreidd over så store område at det ville vore høgst usannsynleg å berre komma i nærleiken av ein asteroide. Til dømes så har dei mange romsondane sendt til det ytre solsystemet passert tvers gjennom asteroidebeltet utan å få problem. Ferder til asteroidar har derimot hatt avanserte målsøkingsprosedyrar. Filmen 2001 -en romodyssé er uvanleg i det at han på ein realistisk måte skildrar «nærkontakten» skipet har med ein einleg asteroide.

Sjå au[endre | endre wikiteksten]

Solsystemet
SolaMerkurVenusMånenJordaPhobos og DeimosMarsCeresAsteroidebeltetJupiterMånane til JupiterSaturnMånane til SaturnUranusMånane til UranusMånane til NeptunNeptunMånane til PlutoPlutoKuiperbeltetDysnomiaErisDen spreidde skivaOortskya
Sola · Merkur · Venus · Jorda · Mars · Ceres · Jupiter · Saturn · Uranus · Neptun · Pluto · Eris
planetar · dvergplanetar · månar: Månen · marsmånar · jupitermånar · saturnmånar · uranusmånar · neptunmånar · plutomånar · erismånen
smålekamar:   meteoroidar · asteroidar/asteroidemånar (asteroidebeltet) · kentaurar · TNO-ar (kuiperbeltet/den spreidde skiva) · kometar (Oortskya)
Sjå òg himmellekamar, liste over lekamar i solsystemet, sorterte etter radius eller masse, og temasida om solsystemet