Småplanetgruppa kentaur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Posisjonane til kjende solsystemobjekt. Kentaurane er objekta viste som oransje, dei grøne objekta utanfor tilhøyrer Kuiperbeltet.

Kentaurane er ei gruppe småplanetar namngjevne etter dei mytiske kentaurane. Kentaurane går i bane rundt Sola mellom bana til Jupiter og Neptun; og banane deira kryssar dei av gassplanetane. Den første kentauren vart oppdaga i 1977 og namngjeven 2060 Chiron. Den største funne så langt heiter 10199 Chariklo, vart oppdaga i 1997 og er omtrent 225 km i diameter.

Ingen kentaur har så langt blitt fotografert frå nært hald av ein romsonde, men det fins bevis for at saturnmånen Phoebe kan vera ein innfanga kentaur. Phoebe vart fotografert av Cassini-sonden i 2004. Romteleskopet Hubble har skaffa litt informasjon om overflatetrekka til 8405 Asbolus.

Tre kentaurar, Chiron, 60558 Echeclus og 166P/NEAT 2001 T4 har komet koma. Chiron og Echeclus er no klassifisert som både asteroidar og kometar. Det er mogleg at også andre kentaurar er kometar, men så langt har ingen fleire blitt identifisert.


Smålekamar i solsystemet
Solsystemet
Sola Merkur Venus Månen Jorda Phobos og Deimos Mars Ceres Asteroidebeltet Jupiter Jupitermånar Saturn Saturnmånar Uranus Uranusmånar Neptunmånar Neptun Plutomånar Pluto Kuiperbeltet Dysnomia Eris Den spreidde skiva Oorts skySolar System XXVII.png
Sola · Merkur · Venus · Jorda · Mars · Ceres · Jupiter · Saturn · Uranus · Neptun · Pluto · Eris
planetar · dvergplanetar · månar: Månen · marsmånar · jupitermånar · saturnmånar · uranusmånar · neptunmånar · plutomånar · erismånen
smålekamar:   meteoroidar · asteroidar/asteroidemånar (asteroidebeltet) · kentaurar · TNOar (kuiperbeltet/den spreidde skiva) · kometar (Oorts sky)
Sjå òg himmellekamar, liste over lekamar i solsystemet, sorterte etter radius eller masse, og temasida om solsystemet