Oortskya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kunstnarisk framstilling av Oortskya og Kuiperbeltet.
Illustrasjonen viser korleis ein tenkjer at Oortskya er plassert

Oortskya (òg kalla Öpik-Oortskya) er ei teoretisk sirkulær sky av kometar omtrent 50 000 AE frå sola; 1000 gongar avstanden frå sola til Pluto, eller nesten eit lysår. Den ytre utstrekninga av Oortskya plasserer den ytre grensa til solsystemet nesten ein fjerdedel av avstanden til Proxima Centauri, den næraste stjerna til sola.

Ingen direkte observasjonar har blitt gjort av Oortskya, men astronomar reknar med skya er opphavet til alle Halley-type-kometar, det vil seia alle dei langperiodiske kometane.

Hypotesen[endre | endre wikiteksten]

I 1932 føreslo den estiske astronomen Ernst Öpik at kometar stammar frå ei sky heilt i ytterkanten av solsystemet. I 1950 vart idéen tatt opp att igjen og lagt fram av den nederlandske astronomen Jan Oort for å forklara ein tilsynelatande sjølvmotseiing: kometar vert øydelagde etter eit visst tal på passeringar gjennom det indre solsystemet, og dersom kometane me observerer har eksistert sidan byrjinga på solsystemet, ville alle ha vore øydelagde no. I følgje Oorts teori inneheld Oortskya billionar av kometkjernar, som er stabile fordi strålinga til sola er svært svak så langt ute. Denne skya gir dermed ein kontinuerleg tilførsel av nye kometar som erstattar dei som vert øydelagde.

Opphavet[endre | endre wikiteksten]

Oortskya er ein rest etter den opphavlege tåka som kollapsa og danna sola og planetane for 5 milliardar år sidan. Ho er berre laust knytt til solsystemet. Den mest aksepterte teorien er at objekta i Oortskya opphavleg vart skapte mykje nærare sola, og at gravitasjonell påverknad frå gassplanetane sendte dei ut i ekstremt lange elliptiske eller paraboliske banar. I dei ytre delane av banen blei objekta utsett for gravitasjonell påverknad frå nabostjernene og fekk dermed ein meir sirkelforma bane. Denne prosessen sørgde òg for å spreia objekta bort frå solsystemetplanet, noko som forklarar den kuleforma fordelinga til skya.

Kjende objekt[endre | endre wikiteksten]

Så langt har to moglege Orts sky-objekt blitt oppdaga:

Solsystemet
Sola Merkur Venus Månen Jorda Phobos og Deimos Mars Ceres Asteroidebeltet Jupiter Månane til Jupiter Saturn Månane til Saturn Uranus Månane til Uranus Månane til Neptun Neptun Månane til Pluto Pluto Kuiperbeltet Dysnomia Eris Den spreidde skiva OortskyaSolar System XXVII.png
Sola · Merkur · Venus · Jorda · Mars · Ceres · Jupiter · Saturn · Uranus · Neptun · Pluto · Eris
planetar · dvergplanetar · månar: Månen · marsmånar · jupitermånar · saturnmånar · uranusmånar · neptunmånar · plutomånar · erismånen
smålekamar:   meteoroidar · asteroidar/asteroidemånar (asteroidebeltet) · kentaurar · TNO-ar (kuiperbeltet/den spreidde skiva) · kometar (Oortskya)
Sjå òg himmellekamar, liste over lekamar i solsystemet, sorterte etter radius eller masse, og temasida om solsystemet
Smålekamar i solsystemet