Waitangidagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den newzealandske marinen heiser tre ulike flagg på waitangidagen.
Foto: Charlie Brewer
Sidan 1970-talet har maoriaktivistar demonstrert på waitangidagen.
Foto: Charlie Brewer

Waitangidagen (eng. Waitangi Day) er nasjonaldagen til New Zealand og Niue, som er laust knytt til New Zealand. Han blir feira den 6. februar til minne om Waitangitraktaten, som blei underteikna på denne datoen i 1840. Avtalen mellom maoriar og britar er sett på som eit grunnleggjingsdokument for New Zealand, og har vore offisielt feira sidan 1947 og offentleg fridag sidan 1974.

Den største feiringa av waitangidagen finn stad ved Waitangi nord på New Zealand, der avtalen blei underskriven. Her blir gjerne politiske leiarar ønskt velkommen til Ngapuhi Te Tii Marae om kvelden 5. februar, og folk frå den lokale iwien held talar om dagsaktuelle tema. Ved daggry på sjølve waitangidagen heiser marinen det newzealandske flagget, det britiske flagget og det britiske marineflagget White Ensign på området utanfor Treaty House, der avtalen blei underskriven. I løpet av dagen blir det typisk framført song og dans, halde ein gudsteneste og marineskip og marori-wakaer framfører eit historisk spel om korleis guvernør William Hobson blei henta til lands for å skriva under avtalen. Sidan 1970-talet har også maoriaktivistar protestert mot feiringa, typisk mot mangelen på respekt for Waitangiavtalen. I 2001 blei feiringa av dagen flytta til Wellington på grunn av protestane.

Elles på New Zealand kan dagen markerast med familiesamkome, festar eller konsertar, eller ein kan feira sommardagen med ein strandtur.

Waitangidagen blir også feira utanfor New Zealand, som i London, der det finst mange newzealandarar. Folk kler seg ut og syng nasjonalsongar som «God Defend New Zealand». Det blir halde eit ball og ein pubrunde. Klokka fire samler mange av dei feirande seg på Parliament Square utanfor Palace of Westminster og utfører ein tradisjonell maorikrigsdans. Denne veldig markeringa står i kontrast til den meir lågmælte feiringa av dagen på New Zealand.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Waitangidagen